Ein person i Nesbyen er smitta av koronaviruset.

Ein person i isolasjon med koronasmitte

Ein person er smitta av viruset i Nesbyen etter å ha vore i utlandet.

Det bekreftar kommuneoverlege Nils Høva tysdag formiddag.

– Vedkommande er no sett i isolasjon. Resten av reisefølget er sett i karantene, fortel Høva.

Artikkelen held fram under annonsen.

Testa på Gardermoen

Den koronasjuke hadde vore på reise i utlandet, og kom til Norge att i helga. Reisefølget gjorde alt rett, og testa seg på Gardermoen rett etter landing.

Etterpå kom det ein telefon til Høva og teamet hans i Nesbyen. Den eine av dei testa hadde fått ein positiv prøve.

– Vedkommande var ein såkalla «asymptomatisk bærar». Det vil si at personen ikkje hadde nokon symptom, seier Høva.

Om vedkommande ikkje hadde testa seg, kunne det med andre ord vore stor fare for å smitte andre. Høva rosar reisefølget for å ha gjort testinga på Gardermoen ved heimkomsten.

– Me har no dagleg kontakt med den smitta, og dei som sit i karantene. Smittefaren er eliminert, og det er ingen fare for smitte ut i bygda, seier han.

Når personar landar på Gardermoen i desse dagar, er det god med moglegheiter for å få testa seg. Nestan heile Europa er no «farga raudt» att.

– Den andre bølgja med koronasmitte er godt på veg i mange land, seier Høva.

God kapasitet

Smittetilfellet som no er registrert i Nesbyen er det første i kommunen sidan april. Legekontoret testar mellom 15-24 personar i veka.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me er klare til å sette i verk tiltak om noko skulle skje, seier Høva.