Helsepersonell i Gol var klare for storinnrykk til koronatesting måndag morgon. Frå venstre: Nina Østerhus, Bjørg Kjørkleiv Hoftun, Marry Viljugrein og Tora Berger.

Fleire nye smittetilfelle i Gol - no er 17 personar koronasjuke

Smittetalet i Gol fortset å auke. No er 17 i kommunen smitta, medan 165 personar sit i karantene.

Det vart testa ei lang rekke personar i Gol måndag, omtrent 50 personar var innom teststasjonen for å bli undersøkt. Prøvesvara kom att i dag.

Fire av dei var positive. Det betyr at Gol no er oppe i 17 personar som er definert som koronasjuke.

Artikkelen held fram under annonsen.

– To av dei smitta er knytta til Nortura. Dei to andre tilfella har blitt smitta på reise, og testa seg så fort dei var komen heim, seier ordførar Herbrand Jegleim.

– Me kjenner at me trass alt har god kontroll. Dei to på Nortura var venta, og dei to som var på reise har vore i karantene.

Ingen fleire elevar smitta

Av dei som vart testa måndag, var mange skuleelevar. Årsaka til det er at to av dei som er sjuke i Gol, er elevar ved Gol skule.

Les også
Ein bekrefta koronasjuk i Ål — stammar frå utbrotet i Gol

I dag kom dei aller fleste prøvesvara på barna att, og ingen av desse har slått ut positivt.

– Det er me veldig glade for, seier Jegleim.

– Ingen av elevane har vist symptom, men det er likevel godt å få bekrefta at dei ikkje er sjuke.

Trass i negative prøvesvar er elevane likevel i karantene fram til 1. november.

Smitte ved Nortura

Hallingdølen skreiv måndag at Nortura er råka av utbrotet, med fire smittetilfelle. I dag har det blitt bekrefta i alt tre nye tilsette er smitta. Dei to ordførar Jegleim beskreiv i Gol, samt ein til. Det betyr at Nortura no har sju personar i staben som er koronasmitta.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me fortset no arbeidet med kartlegging av nærkontaktar, og desse blir sett i karantene. Me fortset også prøvetaking av tilsette og samarbeider med kommuneoverlegen om vidare smitteoppfølging, seier kommunikasjonsrådgjevar Tanita Wassås Kveinå til Hallingdølen tysdag kveld.

Det har vore stopp i mottak av slakt ved Nortura dei siste dagane. Til dette seier Kveinå følgjande:

– Me følgjer situasjonen og utviklinga nøye, og gjer vurderingar fortløpande.

I helga vart ulllstasjonen Norilia stengt ned som følgje av smitte- og karantenesituasjonen. Gol kommune jobbar tett med leiinga i Nortura for å få på plass tiltak som kan avgrense spreiinga av smitte.

– Det har vore møte i dag, og Nortura samarbeider veldig bra med kommunen. I dag har dei jobba med å kartlegge nærkontaktar til dei med påvist smitte. At dei sjølv tek jobben med det gjer at ting går lettare og raskare for smittesporingsgruppa vår, seier Jegleim.

Smittesporingsgruppa i Gol har hatt mykje å gjere den siste veka. No blir fleire personar henta inn til opplæring for å kunne avlaste.

Også tysdag har det blitt gjennomført ei lang rekke testar ved legekontoret i Gol. Det blir meldt om at rundt 50 personar har blitt undersøkt i dag også. Det betyr at kommunen framleis har eit omfattande smittearbeid framfor seg.

Les også
Fire nye smittetilfelle i Gol - alle er knytt til Nortura
Les også
Rekordmange testa på ein dag i Gol