Illustrasjonsfoto.

Stenger Ål helsesenter i helga etter positiv prøve knytt til sjukeheimen

– Me må kjøpe oss tid. Situasjonen er uoversiktleg, seier ordførar Solveig Vestenfor.

Ål har eit stadig veksande koronautbrot. I løpet av dei siste dagane har det tikka inn stadig nye smittetilfelle, også laurdag formiddag kom det eitt nytt. Det betyr at kommunen no har 12 smitta, i tillegg ventar dei fleire positive prøver i løpet av dagen.

Laurdag vart det bestemt å sette i verk besøksforbod ved alle avdelingar ved Ål helsesenter. Forbodet er i første omgang sett til på gjelde ut helga. Årsaka er positive prøver knytt til sjukeheimen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me driv intensiv smittesporing no, fortel ordførar Vestenfor.

Les også
Tre nye smitta i Ål: – Folk må ikkje bli redde, men vere kloke

– Korleis vurderer de å få eit smittetilfelle knytt til helseinstitusjonane?

– Dette skulle me svært gjerne ha sleppt, Samstundes opplever eg at me har flinke folk som tek hand om det som kjem, og som vil få kontroll på det, seier Vestenfor.

– Det er sannsynleg at dette viruset er veldig smittsamt. Det betyr at folk må gjere kloke val no, seier ho.

Les også
Koronautbrotet i Gol veks: Fleire nye smittetilfelle
Les også
Karantenereglar skapar hovudbry for byggjebransjen