Utbrotet veks i Gol.

Koronautbrotet i Gol veks: Fleire nye smittetilfelle

27 personar i Gol er no definert som koronasjuke. Og no ventar eit «skjebnedøgn» for kommunen.

I løpet av fredag kveld kom det att svar på rundt 50 prøver til legekontoret i Gol. Fire av dei viste seg å vere positive. Det betyr at kommunen no har 27 smitta, og utbrotet veks vidare.

Dei fire tilfella som vart kjent fredag har ulik bakgrunn. To av dei dreier seg om såkalla «utanlandssmitte», det vil seie at dei smitta har kome heime frå reise med smitte.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Desse har gått rett i karantene då dei kom heim. Dei har me god kontroll på, seier ordførar Herbrand Jegleim til Hallingdølen ved 22-tida fredag kveld.

Dei to andre tilfella stammar frå sjølve utbrotet i Gol. Begge er personar som alt sit i karantene.

– Det gjer at det er lett å drive smittesporing på desse. Det er folk me alt har i systemet, og situasjonen er oversiktleg, seier ordføraren.

Les også
Tre nye smitta i Ål: – Folk må ikkje bli redde, men vere kloke

Men det er framleis ein situasjon i Gol som er mindre oversiktleg. Det dreier seg om alle dei koronatestane som har blitt tatt i løpet av fredag. Blant anna har mange skuleelevar vore til testing, etter at det torsdag vart kjent at det var dukka opp smitte knytt til skulesystemet.

– Desse svara vil me få laurdag ettermiddag. Dette vil blant anna avgjere om me må halde skulen stengt over helga. Den situasjonen er framleis uoversiktleg, seier Jegleim.

Det neste døgnet i Gol blir dermed nervepirrande, eit aldri så lite skjebnedøgn for kommunen. Fredag vart det innført strengare tiltak for å prøve å overvinne utbrotet. Desse tiltaka kan du lese meir om her.

Slik var smittesituasjonen i Hallingdal klokka 22 fredag kveld:

Flå: 3

Artikkelen held fram under annonsen.

Nesbyen: 6

Gol: 27

Ål: 11

Hemsedal: 3

Hol: 2

Totalt 52 personar.

Les også
Stenger Gol skule i dag - alle elevar er i karantene
Les også
Gol skule vil ikkje uttale seg om situasjonen