Sundag kveld vart det lagt ned blomar i samband med at fire personar laurdag kveld vart funne døde på Torpo.

Rår folk til å vise forståing og omtanke: – Det er godt og viktig at nokon spør

Når ein tragedie råkar finst det mange måtar å reagere på. Det er ingen fasit, seier nevropsykolog Nina Dalen.

Laurdag vart Torpo-samfunnet råka av ei tragedie. Fire personar vart funne døde i eit bustadhus, og saka blir etterforska som drap og sjølvmord. I dagane etterpå har folk kome saman i sorga.

Les også
Ein plass å samlast i sorga: Her er oversikt over opne kyrkjer og skular

Spesialist i nevropsykologi, Nina Dalen, understrekar verdien av dette:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er viktig å møtest i sorga og prate om dei ein har mista. Det er noko ein bør halde fram med i ein god og lang periode. At kyrkja opnar og det blir skapt møteplassar er utruleg viktig.

Treng du nokon å prate med?

Relevante telefonnummer:

Psykososialt kriseteam, Anne Berit Gudbrandsgard - 997 99 034

Prost Sveinung Hansen - 970 01 101

Legevakt - 116 117

Mental Helse hjelpetelefon: - 116 123

Spesialist i klinisk nevropsykologi, Nina Dalen, har base i Hovet i Hol.

Fleire måtar å sørge på

Dalen har jobba tett med menneske i sorg. Ho seier det er viktig å skape rom og forståing for ulike reaksjonar:

– Det første ein kjenner på er gjerne sjokk, og at «det kan skje akkurat her». Nokre vil også kjenne seg engstelege. Ein person kan verke nomen og ikkje klare å ta det innover seg. Ein annan vil kanskje skrike høgt. Så skal ein prøve å vareta alle reaksjonar, side om side, seier ho.

Les også
Han kjenner bygda betre enn nokon: – Det er så ufatteleg trist. Ufatteleg at det går an

At det er lov å møte sorga på ulike måtar er viktig å få fram, meiner Nina Dalen. Folk treng også ulik tid på å prosessere det som har skjedd.

– Korleis bør me møte desse ulike reaksjonane?

– Eg trur først og fremst det er veldig bra at det blir skrive og prata om. Folk må vite at det ikkje berre finst éin måte å vise sorg på. Men alle, sjølv den som prøver å gøyme seg bort, treng hjelp og støtte i slike tider.

«Hei, eg tenkjer på deg»

Nina Dalen rår folk til å ikkje vere redde for å vise omtanke. Torpo er eit lite bygdesamfunn som har opplevd vonde tragediar tidlegare. Vener, familie, naboar og arbeidsplassar blir råka når fire menneskeliv går tapt på denne måten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Fire personar funne døde i ein bustad i Ål: – Dette er djupt tragisk

– Å prate med menneske i sorg vekker ei sorg i oss sjølve som me kanskje ikkje har lyst til å kjenne på. Men blant dei eg har jobba med som opplever sorg har eg aldri høyrt at det vart «for mykje» omtanke. Dei har heller kjent på at det var for lite, eller at det stoppa for fort.

Å seie «hei, eg tenkjer på deg» kan rekke langt. Ein treng heller ikkje ha så mykje å seie, for det kan vere vanskeleg å finne dei rette orda.

– Men det er godt og viktig at nokon spør, seier Dalen.

Fleire valde å samlast ved Torpo kyrkje sundag 24. mars.

Behov for svar

Når ei krise råkar blir informasjonsbehovet stort. Det gjeld både dei som er tett på, og dei som følgjer saka meir på avstand.

– Kvifor får me dette informasjonsbehovet?

– Me er født til å prøve å forstå. Når me har forstått og begripe noko kan me også beskytte oss mot det. Det er nesten eit urinstinkt, seier Nina Dalen.

Det me ikkje skjønar kan me heller ikkje verne oss mot.

– Eg trur ikkje det berre er «sensasjonsbasert», men me ønsker å setje saman brikkene for å skape eit bilete me kan forklare. Derfor får me dette enorme behovet for svar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Korleis prate med barna?

Informasjonsbehovet har heller ingen aldersgrense. Å prate med barn og unge om det som har skjedd kan vere utfordrande.

– Dei forstår at det har skjedd noko forferdeleg, og det kan føre til mykje usikkerheit. Kvifor går alle rundt og er lei seg, og kvifor blir det stille når eg kjem inn i rommet?, seier Nina Dalen.

Barn er forskjellige og vil kunne reagere ulikt på tunge nyheiter. Dalen har likevel nokre råd ein kan ta med seg:

– Eg trur det er viktig å ikkje fortelje halvsanningar og etterlate tomrom. Barn har stor fantasi, og viss historia har mange tomrom kan fantasien bli skumlare enn verkelegheita. Men det finst ingen fasitsvar på dette, og ein må sjølvsagt tilpasse samtalene etter alder.