Etterforskar saka som drap og sjølvdrap

Politiet har funne våpen i bustaden på Torpo der fire personar vart funne døde laurdag kveld. Dei bekreftar at dei etterforskar saka som drap og sjølvdrap.

Førebels er ingen personar sikta i saka.

Same familie

Politistasjonssjef Brit Fyksen orienterte om saka på ein pressekonferanse i Gol sundag formiddag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei fire døde er folkeregistrert på adressa. Det er snakk om to vaksne og to unge vaksne, seier Fyksen.

– Politiet har ingen grunn til å tru at det er andre enn familien som er folkeregistrert på adressa som er funne døde.

Politistasjonssjef Brit Fyksen og ordførar Solveig Vestenfor heldt pressekonferanse i Gol sundag formiddag.

Politiet kan førebels ikkje bekrefte identiteten på dei døde, før det er gjennomført ein obduksjon.

Fyksen bekreftar vidare at det er funne våpen på staden.

Om nokon har tips i saka, ber dei folk ta kontakt på dette nummeret: 476 96 400.

Fem timar frå første melding

Det var laurdag ettermiddag politiet fekk melding frå eit bekymra familiemedlem. På bakgrunn av dette, rykte dei ut til bustaden på Torpo.

Ifølgje Fyksen skjedde det rundt klokka 15. Etter å ha rykt ut, valde politiet å ikkje ta seg inn i huset.

Politiet varslar at dei kjem til å jobbe på staden i fleire dagar framover.

Deretter gjekk det fem timar før dei rykte ut på nytt, rundt klokka 20. På spørsmål frå Hallingdølen om kvifor politiet ikkje gjekk inn i bustaden første gong, svarer Fyksen slik:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ut frå den informasjonen me hadde klokka 15, vart den avgjerda tatt. Så endra situasjonen seg fram mot klokka 20. Då tok me ei ny avgjerd, og gjekk inn. Der vart politiet møtt av fire døde personar.

Les også
Naboar etter tragedien: – Ikkje slikt ein trur kan skje berre eit steinkast unna der ein sjølv bur

Bekreftar funn av våpen

Det var aldri nokon kontakt mellom nokon av dei fire som no er døde og politiet i løpet av laurdag.

– Kva slags melding var det de fekk klokka 15?

– Me kan ikkje gå inn på det, vedkommande vil bli avhøyrt. Men dei har ein relasjon.

Les også
Opnar kyrkja for alle som treng nokon å prate med: – Det var med sjokk og sorg me fekk høyre dette

– Har de noko meining om kva tidspunkt dei fire skal ha døydd?

– Det er noko av det me tek sikte på at etterforskinga skal avklare. Me har nokre tankar rundt det, men kan ikkje gå ut med det enno. Obduksjonen vil også kunne si noko meir om det.

Politistasjonssjef Brit Fyksen.

– Kva kan de si om våpenet?

– Me ønsker ikkje å si kva type våpen det er snakk om.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kontakt med Kripos

Etterforskinga held no fram for fullt. Hallingdølens reporter på Torpo fortel at det er stille og roleg i området sundag, men at eigedomen er sperra av og at det er aktivitet i bustaden.

Politiet skal blant anna gjere ei rekke avhøyr, og gjennomføre ei rundspørjing. Dei har vore i kontakt med Kripos med tanke på det kriminaltekniske arbeidet vidare.

– No vil etterforskinga halde fram, og åstadundersøkingane vil gå føre seg gjennom fleire dagar. Det vil blant anna bli gjort datatekniske undersøkingar, seier ho.

Les også
Torpo har kjent på tragediar før: – Håpar folk finn trøyst i kvarandre
Både Brit Fyksen og ordførar Solveig Vestenfor stilte på pressekonferansen.
Politiet held pressekonferanse om siste utvikling i saka frå Torpo.
Les også
Naboar etter tragedien: – Ikkje slikt ein trur kan skje berre eit steinkast unna der ein sjølv bur
Les også
– Me har ikkje gjort nokon formell identifisering