Torpo: Prost Sveinung Hansen opna Torpo Kyrkje

Opna kyrkja for alle som treng nokon å prate med: – Det var med sjokk og sorg me fekk høyre dette

Kyrkja på Torpo står open i ettermiddag. Både prestar og folk frå kriseteamet vil vere på plass for dei som treng det.

– Det er opent for alle som ønsker. Det vil vere høve til å tenne lys, og berre sitje i stillheit, seier prost i Hallingdal, Sveinung Hansen.

Han fekk sjølv beskjed laurdag kveld om den tragiske hendinga på Torpo, der fire personar vart funne omkomne. Dette treffer hardt i eit lite lokalsamfunn.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ei tragisk og vond hending, som råkar Torpo særleg, men også heile resten av kommunen. Det var med sjokk og sorg me fekk høyre om dette, seier Hansen.

Fattig på ord

Kyrkja på Torpo vil vere open mellom klokka 15 og 18 sundag.

– Kriseteamet vil vere der, og prestar. Det vil vere mogleg å ta kontakt med dei, dei skal vere godt synlege, seier Hansen.

Les også
Naboar etter tragedien: – Ikkje slikt ein trur kan skje berre eit steinkast unna der ein sjølv bur

Prosten meiner det er viktig å ha høve til å kome saman i sorga.

– Det er viktig å kunne vise at me står saman, midt i det som er vondt og vanskeleg, seier han.

Torpo kyrkje er open sundag ettermiddag.

Hansen vil sjølv vere til stades på Torpo, og tilgjengeleg for dei som eventuelt ønsker å prate. Men han innrømmer at tragedien som no har råka, gjer han fattig på ord.

– Dette kjem tett på oss. Me merker kor sårbare me er, i eit lite lokalsamfunn, seier han.

Vil prege samfunnet lenge

Førebels er det også mykje ein ikkje veit om kva som faktisk har skjedd i saka. Politiet kom til staden laurdag kveld, og har drive tekniske og taktiske undersøkingar gjennom heile natta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Torpo har kjent på tragediar før: – Håpar folk finn trøyst i kvarandre

– I denne situasjonen er det fleire spørsmål enn svar. Det gjer det ekstra krevjande å handtere og stå i. Då er det desto viktigare å kunne kome saman, seier Hansen.

Han seier tragedien vil prege lokalsamfunnet i lang tid framover.

– Det blir ein annan farge på påskefeiringa her i kommunen. Heilt sikkert både i kyrkja og elles.