Politiet varslar at dei kjem til å jobbe på staden i fleire dagar framover.

Fire personar funne døde i ein bustad i Ål: – Dette er djupt tragisk

Politiet fekk melding frå eit bekymra familiemedlem. Då dei rykte ut, fann dei fire personar omkomne på Torpo.

Ifølge politistasjonssjef Brit Fyksen fekk politiet meldinga på ettermiddagen/kvelden laurdag.

– Då patruljen kom fram, fann dei fire personar i bustaden. Alle vart bekrefta omkomne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Krimteknikarar kom fram til staden natt til sundag.

Ho opplyser vidare at vedkomande som kontakta politiet ikkje er blant dei fire som er funne døde.

Ukjent relasjon

Politiet har ingen indikasjonar på at det er fleire personar involvert i hendinga. Det blir heller ikkje leita etter gjerningspersonar.

– Det er for tidleg å seie noko om relasjonen mellom dei omkomne, då desse ikkje er formelt identifisert, seier Fyksen.

Ho seier vidare at det er fire personar som er bustadregistrert på adressa, og at dei pårørande til desse er varsla.

Politiet sperra av eit større område.

Kriseteamet i kommunen er kopla på saka.

Politiet var laurdag kveld på staden, og jobba med tekniske og taktiske undersøkingar utover natta.

– Politiet lokalt får forsterkningar frå andre delar av politidistriktet som deltek både i den tekniske og taktiske etterforskinga, fortel Brit Fyksen.

Tek avhøyr

I tillegg til tekniske undersøkingar, blir det gjennomført avhøyr av personar som kan ha informasjon om hendinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hallingdølens reporter på Torpo fortalde ved 22.30-tida laurdag at det var sett opp sperreband i nærleiken av bustaden. Ein politibil stod parkert ved sperrebandet, elles var det stille og roleg på staden.

Her sperrar politiet av.

Nokre timar seinare, ikkje lenge etter etter klokka 00.30, kom det krimteknikarar frå politiet.

Ordførar i Ål, Solveig Vestenfor, vart alarmert om hendinga laurdag kveld.

– Sorg- og kriseteamet er varsla og i gang med arbeidet sitt, seier ho.

– Dette er djupt tragisk. Når slikt skjer i små lokalsamfunn kjennest det ekstra hardt.

– Utruleg tragisk

Brit Fyksen kallar det også djupt tragisk det som har skjedd.

– Eg tenkjer spesielt på dei pårørande og dei som kjenner dei som er omkomne. Det er er utruleg tragisk hending, seier Brit Fyksen.

Politiet har varsla ein pressekonferanse klokka 11 sundag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet jobba framleis på staden sundag morgon.
Det er førebels ikkje kjent kva slags relasjon dei fire omkomne hadde.
Krimteknikarar begynte å jobbe på staden natt til sundag.
Politiet lokalt får forsterkningar til å følgje opp etterforskinga.
Politiet vil jobbe på staden gjennom kvelden og natta.