Mange i Torpo-grenda kom til den opne kyrkja på sundag. Folk tørka tårer, klemte kvarandre og snakka med naboar om den ufattelege tragedien.

Ein plass å samlast i sorga: Her er oversikt over opne kyrkjer og skular

Både i Ål og Gol er det oppretta møteplassar i samband med tragedien i Torpo no i helga, der fire personar vart funne omkomne.

– Det er viktig å ha ein plass å kunne samlast og vere saman i sorga, seier Anne Berit Gudbrandsgard i Psykososialt kriseteam i Ål kommune.

Oversikt over møteplassar:

Ål kommune:

Artikkelen held fram under annonsen.

Open kyrkje i Ål måndag frå klokka 12.00 til klokka 15.00

Open kyrkje i Torpo måndag frå 16.00 til 18.00

Gol kommune:

Gol vidaregåande skule held opent for ungdommane i Hallingdal måndag frå 12.00 til 15.00

Relevante telefonnummer:

Psykososialt kriseteam, Anne Berit Gudbrandsgard - 997 99 034

Prost Sveinung Hansen - 970 01 101

Legevakt 116 117

Artikkelen held fram under annonsen.