Camilla Underland har travle dagar som kommuneoverlege i Hemsedal.

– Om me framleis ser slike tal som me har gjort denne veka, vil det bli veldig krevjande

Om dei høge smittetala held fram kan både helsevesenet og næringslivet møte store utfordringar.

– Me må vere budd på ei vinterbølgje der konsekvensane kanskje ikkje er så alvorlege med tanke på sjølve smitten. Men verre når det gjeld bemanning, om mykje folk hamnar i karantene. Det kan bli spesielt utfordrande for Hallingdal, sidan me er i høgsesong, seier kommuneoverlege i Hemsedal, Camilla Underland.

– Det er eit ugunstig tidspunkt. Men me greier dette også.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
57 positive koronaprøver denne veka: – Heldigvis ingen med alvorleg sjukdom

Auka i smitte kom brått i Hemsedal etter nyttårshelga. Eit større utbrot gav 39 tilfelle i løpet av måndag og tysdag. Då Hallingdølen snakka med Underland fredag, var talet kome opp i nærmare 100.

100 smitta på fem dagar er eit høgt tal. Også nasjonalt blir det stadig sett nye smitterekordar. Men det er eit lyspunkt i det heile: Talet på innlagde går ned, og folk blir ikkje veldig sjuke.

Har fått kontroll

Det er godt nytt. Likevel står helsevesenet i ein pressa situasjon. Smittesporarar jobbar på spreng, det same gjer dei som tek seg av testing og oppfølging. Kvart smittetilfelle skal følgjast opp og kartleggast.

– Me opplever at me har kontroll på smitta i Hemsedal no. Men det kjem stadig nokre slengarar frå utbrotet sist helg, seier Underland.

Les også
Smitte i omsorgsbustad og skule: - Me må rekne med ein krevjande periode

Det var ein stor del sesongarbeidarar involvert i dette utbrotet. Fleire bedrifter har fått merke dette, blant desse Skarsnuten, som Hallingdølen skreiv om denne veka. Onsdag hadde dei registrert 11 av 45 tilsette som smitta.

– Me hadde eit møte med næringa torsdag kveld, der me blant anna evaluerte denne episoden. Me har ikkje registrert smitteoverføring frå tilsette til gjester, det er veldig positivt. Det tyder på at rutinane er gode, seier Underland.

Mange kan få trøbbel

Samtidig snakka kommunen med bedriftene om korleis dei skal bu seg på den kommande smittebølga.

– Sidan me er i høgsesong reknar me med at mange blir sett ut av spel, meir enn at dei blir sjuke. Det kan gå utover bemanninga hjå mange, seier Underland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Smitte blant tilsette: Hotellet vurderer å halde stengt heilt fram til vinterferien

Av rundt 100 smitta i Hemsedal no, er 78 eigne innbyggarar. Det kjem stadig eit tilfelle her og eit tilfelle der, men det er ikkje registrert ukontrollerte utbrot. Eit høgt smittetal krev likevel mykje av helsevesenet.

– Om me i tida framover ser slike tal som me har gjort denne veka, vil det bli veldig krevjande med tanke på smittesporing, seier Underland.

Les også
Har fått smitte inn i skule, barnehage og sjukeheim: – Me er på tå hev