Karianne Nestegard og Hildegunn Grøtt var i full gang med koronatesting på Geilo onsdag.

Har fått smitte inn i skule, barnehage og sjukeheim: – Me er på tå hev

Måndag og tysdag fekk 29 personar positivt koronasvar i Hol. Kommuneoverlegen spår ein krevjande situasjon i tida som kjem.

Assisterande helsedirektør Espen Nakstad var klokkeklar onsdag:

– Det er ingen tvil om at me går inn i tidenes smittebølgje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det sa han til VG etter ny nasjonal smitterekord med 7921 nye tilfelle tysdag.

I Hemsedal har dei hatt kraftig auke i smitta dei siste par dagane. Det same har skjedd i Hol.

– Me har fått smitte inn i ein skuleklasse, ein barnehage og på Høgehaug som sjukeheimsavdeling, seier kommuneoverlege Silje Koldal.

Les også
Smitte-eksplosjon med 39 smitta på to dagar: Mange sesongarbeidarar er råka

Måndag og tysdag vart til saman 29 personar bekrefta smitta i Hol.

– Dette er store tal, men det var ikkje uventa. Me var budd på at det kunne kome. Men det seier noko om ein smittesituasjon framover som vil vere krevjande å handtere, seier ho.

Strenge tiltak

Ved sjukeheimsavdelinga på Høgehaug er det ein tilsett som er smitta av koronaviruset. Det er sett i verk strenge smitteverntiltak etter den positive prøva vart kjent.

– Det er stengt for besøk, og det blir ekstra hygienetiltak til me ser korleis situasjonen utviklar seg, seier Koldal.

Det var hektisk testaktivitet på Geilo onsdag.

Onsdag vart alle bebuarar og tilsette testa.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er tidleg, og forhåpentleg har ikkje smitta breidd om seg. Erfaring seier at me må følgje ein situasjon som denne over fleire veker før den er landa heilt, seier kommuneoverlegen.

Før jul hadde Gol ein liknande situasjon på Helsetunet. Der vart fem tilsette og to bebuarar smitta.

Vil halde opent

Ein skuleklasse og ein barnehage er også råka av smitte i Hol.

– Her er det snakk om smitta enkeltpersonar. Me handterer dette med å teste klassen og barnehagen. Inntil me hamnar i ein eventuell situasjon der me mistar kontrollen, har me som mål at barna skal få gå på skulen og i barnehagen. Dette har sentrale myndigheiter også sagt er viktig, seier kommuneoverlege Koldal.

Les også
Nesten 80.000 personar i Hallingdal nyttårsaftan: Denne kommunen seksdobla folketalet

Smitta som no har blitt kjent i Hol stammar frå juleferien. Omikron er i fullt omløp, og smittar lettare enn deltaviruset. Trass i dette; folk ser ut til å bli mindre sjuke av omikron.

– Me har god kontroll på situasjonen no, men me er i ein situasjon etter juleferien der det har vore mykje folk i kommunen, i tillegg til meir reising og besøk for innbyggarane. Me må nok innsjå at lause trådar og villsmitte truleg dukkar opp i nær framtid, seier Koldal.

Uroa for tida som kjem

Akkurat no har kommunen oversikt over smittevegane. Men framover blir kanskje ikkje dette like viktig.

– Når smitta aukar blir det truleg vanskeleg å sjå bakover på leit etter smittekjelder. Me må kanskje heller fokusere sporingsarbeidet på å finne det som kan vere eit stort tal nærkontaktar. Dette spår eg vil gi ei stor arbeidsmengd for smittesporarane våre, som alt spelar ein svært viktig rolle i rettleiing og oppfølging av dei smitta, seier Koldal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
137 smitta i jula: – Dei neste par vekene blir spennande

Ho fortel vidare at alle som jobbar innan helse er på tå hev no.

– Slik sett er me uroa for tida som kjem. Smittetala nasjonalt er urovekkande, og me ser same trenden lokalt. Beredskapssystema våre har jobba lenge under press, og ser ut til å måtte halde fram med det ei stund til, seier Koldal.

Ho gjentek ein bodskap som etter kvart er godt kjent: Ta vaksinen.

– Det er ei viktig brikke for å få mindre belastning på helsevesenet vårt, og for når samfunnet kan opnast meir opp att. Det er mange gode grunnar til å ta kontakt for vaksinering om ein framleis er blant dei som tviler, seier ho.

Karianne Nestegard og Hildegunn Grøtt er blant dei som har travle dagar med koronatesting.
Les også
Ligg skadd på sjukehus - mann i 20-åra i varetekt
Les også
Skisenteret sette nye rekordar i juleferien: - Me er på rett veg
Les også
Hunden Apo framleis borte: – Det er djupt imponerande og heilt fantastisk at folk vil hjelpe til