Karianne Nestegard og Hildegunn Grøtt dreiv koronatesting i Hol tidlegare denne veka.

57 positive koronaprøver denne veka: – Heldigvis ingen med alvorleg sjukdom

Hol har hatt ei hektisk veke med mange koronasmitta. Men dei fleste slepp relativt lett frå sjukdommen.

– Me har mange positive som me må handtere gjennom TISK (testing, isolasjon, sporing og karantene, red.anm.), men heldigvis utan innleggingar eller alvorleg sjukdom, seier kommuneoverlege Silje Koldal.

Smitta auka stort i Hol etter nyttårshelga. Måndag og tysdag fekk dei 29 smittetilfelle. Blant desse var smitte knytt til både barnehage, skule og sjukeheimsavdelinga på Høgehaug.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Har fått smitte inn i skule, barnehage og sjukeheim: – Me er på tå hev

Her var ein bebuar smitta av viruset, og det vart sett i verk strenge smitteverntiltak.

Fredag kan Koldal fortelje at den første runden med testing har gått bra. Ingen fleire knytt til Høgehaug har fått bekrefta smitte. Men det er framleis stengt for besøk, og det er tatt i bruk ekstra hygienetiltak.

Les også
Smitte blant tilsette: Hotellet vurderer å halde stengt heilt fram til vinterferien

Med 29 smitta på to dagar var det venta at talet ville auke utover i veka. Det har det også gjort. Fredag kunne Koldal melde at talet på smittetilfelle var kome opp i 57. Fleirtalet av desse er omikron.

– Me har kontroll på det me kan kontrollere, summerer ho.

– Har de nok bemanning til å handtere situasjonen?

– Det har me, men me er pressa i desse dagar.

Torsdag vart det registrert 7879 nye smittetilfelle i Norge. Det er det tredje høgaste talet som er registrert. Rekorden er 8385. Oslo sette ny smitterekord torsdag, med 2170 nye bekrefta tilfelle.

Les også
Smitte-eksplosjon med 39 smitta på to dagar: Mange sesongarbeidarar er råka
Les også
Smitte i omsorgsbustad og skule: - Me må rekne med ein krevjande periode
Les også
Smittealarm i Hol og Hemsedal: Slik er status i dei andre kommunane