Dette biletet er frå koronatesting i Ål i fjor. No opplever både Hemsedal og Hol ei kraftig auke i smitte.

Smitte-eksplosjon med 39 smitta på to dagar: Mange sesongarbeidarar er råka

Hemsedal opplever ein eksplosjon i smitte etter juleferien.

– Me har mykje smitte no. Den har me avdekt dei siste dagane. Det dreier seg om eit stort utbrot, primært blant sesongarbeidarar. Dette er noko me var skåna for i heile fjor, og årets sesong fram til no, fortel kommuneoverlege Camilla Underland.

Totalt er 52 personar registrert smitta i Hemsedal akkurat no. 48 av desse er kommunens eigne innbyggarar. 39 av tilfella vart kjent måndag og tysdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei som driv med smittesporing og testing i bygda har klokka inn eit svært høgt tal timar på jobb dei siste dagane.

– Me begynner å få hovudet over vatnet no. Dei som skal i karantene er sett i karantene. Det er godt over 100 personar, seier Underland.

Les også
137 smitta i jula: – Dei neste par vekene blir spennande

Den store auken i smitte i Hemsedal kjem samtidig som det er sett ny smitterekord i Norge. Tysdag vart det registrert 7921 nye tilfelle. Sist rekord var på 3781. Langt færre testa seg i jula, men no på nyåret har mykje smitte blitt avdekt.

– Det er ingen tvil om at me går inn i tidenes smittebølgje, sa assisterande helsedirektør Espen Nakstad til VG onsdag.

Sosiale samlingar

Utbrotet i Hemsedal stammar frå nyttårshelga. Svært mange av dei som no er smitta, er sesongarbeidarar.

– Det har vore sosiale samlingar, noko som er naturleg gjennom jula, seier Underland.

Ho understrekar at det ikkje har gått føre seg ukontrollerte festar eller store samlingar av folk.

– Det har ikkje skjedd noko uforsvarleg, men folk har farta litt på kryss og tvers. Når me har omikron blant oss, har me ikkje lenger det same vernet mot å bli smitta, seier Underland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei har kartlagt vaksinestatusen blant dei smitta, og ser at den er høg.

– Me har ramma inn utbrotet greitt no, men ventar at det vil kome fleire positive prøver. Me begynner å sjå omrisset av kva som har skjedd. Dei som er råka har vore flinke, dei har late seg teste og tatt kontakt med oss.

– Bedriftene har også samarbeidd godt. Folk har blitt henta inn, sett i karantene og fått hjelp med isolasjonsbustader. Bedriftene har sørga for at dei råka har det bra. Fleire av dei er jo yngre menneske, som er langt heimanfrå. Bedriftene har tatt godt vare på dei.

Ingen avvik

Underland seier vidare at kommunen og turistnæringa har eit veldig godt samarbeid, og at åtferda til tilsette har vore god.

– Me hadde tilsyn med alle bedrifter som driv innan denne næringa i jula; matbutikkar, restaurantar, hotell, sportsbutikkar og så vidare. Me fann ingen avvik. Smittevernet har vore svært godt varetatt, seier ho.

Les også
Nesten 80.000 personar i Hallingdal nyttårsaftan: Denne kommunen seksdobla folketalet

Det er noko av grunnen til at dei ikkje ser konturane av eit enda større utbrot.

– Me har ikkje sett at smitta har råka gjester. Den har vore konsentrert innanfor grupper av tilsette, blant anna mellom folk som bur saman, seier Underland.

Fleire bedrifter i Hemsedal er råka av at mange tilsette enten er smitta eller sett i karantene.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nokon har vore nøydd til å stenge ned fordi dei har tilsette som er karantene eller som er sjuke, seier Underland.

Har kome langt

Dei neste dagane blir det mykje testing i Hemsedal. Det gjekk føre seg også måndag kveld. Underland seier dei vil følgje svært nøye med dei kommande dagane.

– Det positive i Hemsedal er at sjølv om me har mange sesongarbeidarar, mykje gjester og eit stort maskineri, så har me god oversikt. Folk er flinke til å teste seg. Før skulestart testa me heile grunnskulen og dei tilsette, og har ikkje sett tendensar til utbrot der. I tillegg har me kome langt i vaksineringa med tredje dose, seier kommuneoverlegen.

Les også
Ber regjeringa setje strek over skjenkestoppen: – Det er me som har skoa på
Les også
Ligg skadd på sjukehus - mann i 20-åra i varetekt
Les også
Hunden Apo framleis borte: – Det er djupt imponerande og heilt fantastisk at folk vil hjelpe til
Les også
Skisenteret sette nye rekordar i juleferien: - Me er på rett veg