På Torpo vart familien på fire funne døde 23. mars.

Dei døde var ikkje påverka av beroligande middel: – Det er svar me aldri vil få

Politiet har omsider fått svar på prøver som vart tatt av dei døde etter Torpo-tragedien. Teorien er framleis at dei vart skotne mens dei sov.

Ifølgje politiadvokat Ann Iren Svane Mathiassen er det ikkje funne spor av beroligande medikament hjå nokon av dei døde.

– Men som me har sagt tidlegare, funn på staden tyder på at dei sov då det skjedde, seier ho til Hallingdølen onsdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Har de nokon teori om kvifor dei likevel ikkje vakna?

– Det ønsker eg ikkje å spekulere i. Det er svar me aldri vil få.

Ingen tiltale

Politiet sa onsdag i ei pressemelding at éin av dei drepne sov med øyreproppar.

– Dette kan vere ei av forklaringane på at vedkommande ikkje vakna av skot, heiter det i pressemeldinga.

To av dei døde sov i underetasjen i huset, mens den tredje sov i etasjen over.

Les også
Politiet om Torpo-saka: – Me vil kunne gi dei etterlatne eit svar på korleis dette kunne skje

Tragedien på Torpo skjedde 23. mars, ved inngangen til påska. Ingunn Slaatten (53) og barna hennar, Sander (22) og Signe (18) vart drepne i løpet av natta. Faren og ektemannen Arne, som tok sitt eiget liv, er sikta i saka. Det vil ikkje bli reist tiltale mot han.

Hans forsvarar Sidsel Katralen seier til Hallingdølen at ho ikkje ønsker å kommentere saka no.

Ventar på våpen-svar

Politiet slo relativt tidleg fast at det var blitt brukt skytevåpen, og at offera vart drepne mens dei sov. Politiet sa også at det ikkje var blitt brukt lyddempar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Våpenet som vart brukt, er inne hjå Kripos for våpentekniske undersøkingar. Der handlar det blant anna om å slå fast at det verkeleg var dette våpenet som vart brukt, og stadfeste om det vart nytta lyddempar eller ikkje.

Det har førebels ikkje kome noko svar frå desse undersøkingane.

– Dette vil ta tid, seier politiadvokat Mathiassen.

Etterforskinga mot slutten

Hallingdølen skreiv sist veke at etterforskinga etter drapssaka på Torpo no er heilt i sluttfasen.

– No handlar det om å sluttføre rapportar, og gå gjennom materiale me har henta inn. Me kan ikkje utelukke at me vil gjere nye etterforskingsskritt, men det handlar no i all hovudsak om sluttføring, seier Mathiassen.

– Kan de si noko om når etterforskinga er ferdig?

– Det er heilt umogleg - men det vil ta nokre veker til. Om eit par veker vil eg tru me har avslutta den aktive delen. Likevel vil me måtte vente på svar frå andre instansar.

I tillegg til dei våpentekniske undersøkingane, handlar det om den endelege obduksjonsrapporten. Det kan gå fleire månader før den kjem.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sist veke sa Mathiassen til Hallingdølen at politiet ikkje trur det vil kome særleg nye svar i den; den mellombelse obduksjonsrapporten gav det meste.

Ingunn, Sander og Signe Slaatten vart bisett saman i Ål kyrkje 9. april.

Ingunn, Sander og Signe Slaatten var bisett same dag, i Ål kyrkje.
Les også
Køyrde lang kortesje - opna russetida med å minnast Signe
Les også
Tok farvel med Ingunn, Sander og Signe: – Det er fire liv som er borte for alltid. Ei bygd som er råka uendeleg hardt
Les også
Samla seg til minnestund for læraren: – Dei har laga teikningar til Ingunn, og nokon har skrive kort
Les også
Dei pårørande takkar for all omsorg og støtte etter tragedien: – Botnlaus sorg
Les også
Arbeidsgjevar til den sikta: – Det var med sjokk og vantru me tok imot nyheita. Det er vårt verste mareritt
Les også
– Det er rart at han ikkje er der. Det har ikkje heilt gått opp for meg enno
Les også
– Eg hugsar ho sat og laga skisser og illustrasjonar i notatblokka si når me hadde undervisning