Russ frå Hallingdal brukte torsdagen til å minnast drapsoffera etter tragedien på Torpo i påska.

Køyrde lang kortesje - opna russetida med å minnast Signe

Bil etter bil, raude og blå. Ein lang kortesje køyrde stille gjennom Torpo sentrum før dei stoppa utanfor Torpo kyrkje.

Russ frå Hallingdal brukte torsdag ettermiddag til å minnast drapsoffera etter tragedien på Torpo i påska. Ei av dei drepne, Signe Slaatten, var i år avgangselev ved Gol vidaregåande skule.

Minna lever vidare, rosene seier sitt.

Russen ønskte ikkje å ha media til stades under markeringa, men sa ja til at Hallingdølen tok bilete på avstand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var laurdag i palmehelga at ein familie på fire vart funne døde i eit bustadhus på Torpo. Far i familien er sikta for å ha drepe kone og to vaksne barn, før han tok sitt eige liv.

Signe Slaatten (t.h.) vart 9. april bisett frå Ål kyrkje, saman med mor Ingunn og bror Sander. Arkivfoto

Det blir naturleg nok ei annleis russetid i Hallingdal i år, når ei av dei som kunne feire at ho var ferdig med 13 års skulegang på tragisk vis har gått bort. Då var det sterkt å sjå årets russekull stå skulder ved skulder utanfor kyrkjemuren for å minnast ein medelev og familien hennar.

Det er fint å sjå samhaldet. For trass i krisa som har råka eit russekull, ei bygd og ein dal er russetida i full gang og raud- og blåkledd ungdom ber bod om vår og lysare tider.

Det var sterkt å sjå den lange russebilkortesjen køyre stille gjennom Torpo sentrum.
Bil etter bil, raude og blå for å heidre medelev Signe Slaatten og familien hennar.
Russebilane rulla gjennom Torpo torsdag ettermiddag.
Skulder ved skulder stod russen utanfor Torpo kyrkje.
Det var ikkje berre russebilar som deltok i kortesjen.
Roser til minne om dei omkomne.