Bisettinga av Ingunn, Sander og Signe Slaatten skjedde i Ål kyrkje tysdag.

Tok farvel med Ingunn, Sander og Signe: – Det er fire liv som er borte for alltid. Ei bygd som er råka uendeleg hardt

I dag vart Ingunn, Sander og Signe Slaatten bisett i Ål kyrkje.

– Dette er ein trist dag. Det er veldig mange som er prega, også eg, seier Ål-ordførar Solveig Vestenfor.

Det har vore ein stille dag i Ål. Rundt om i heile dalen har flagg vaia på halv stong. Dei tre som vart drepne under tragedien på Torpo 23. mars, hadde vener, kjente og kollegaer frå heile dalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klokka 13 vart dei bisett i Ål kyrkje. Alt ein god time før seremonien, strøymde folk til. Sambygdingar og kjente kom for å ta eit siste farvel.

Det stod bilete av dei tre heilt fremst i kyrkja.

Stille og roleg bevega folk seg mot kyrkja, og inn dørene.

– Ei gravferd er eit endeleg punktum, samtidig som me veit at den lange sorgprosessen vil vare ved i mange månader og år framover, seier Vestenfor.

– Men dette blir eit punktum for det første, akutte sjokket og det ubegripelege som har skjedd.

Verdig farvel

Det skjer ikkje ofte at tre personar blir bisett samtidig. Det var prost Sveinung Hansen og prostiprest Ole-Jonny K. Lomme som leia seremonien i Ål kyrkje tysdag.

Sjølve bisettinga var berre for familiens nære og kjente.

Vestenfor brukar særleg eitt ord for å beskrive dagen og stemninga: Verdigheit.

– Det er fire liv som er borte for alltid, ei bygd som er råka uendeleg hardt. Både tidlegare, og no. Verdigheit er eit stikkord. Sorga er sjølvsagt stor. Men i vår kultur har folk eit behov for å si farvel på ein ordentleg måte, og der er gravferda til god hjelp for mange.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lys og blomar venta ved kyrkjedørene i Ål.

Ingunn Slaatten vart 53 år. Sander vart 23, Signe 18. For ungdommar og skuleelevar som skulle delta i bisettinga, vart det sett opp buss tysdag.

Ål kyrkje har 450 plassar. Tysdag vart det fullt.

– Står skulder ved skulder

Det har gått litt over to veker sidan tragedien råka på Torpo. Ordførar Vestenfor opplever at lokalsamfunnet framleis kjenner på ei lammande sorg.

– Det er mange som behandlar denne situasjonen med stor respekt, og det er eg veldig glad for. Lokalsamfunnet har blitt hardt råka, men det står også ein familie att, pårørande som det er viktig at me tek godt vare på, seier ho.

Ål kyrkje har 450 plassar. Tysdag var det fullt.

– Er folk flinke til å ta vare på kvarandre no?

– I denne krisa og i andre kriser opplever eg at lokalsamfunnet mobiliserer, reiser seg og står skulder ved skulder. Midt oppi denne endelause sorga gjer det meg stolt, seier ho.

– Folk er der for kvarandre. Det er viktig og verdt å ta vare på og hugse i dagane som kjem.

Det var mykje blomar i Ål kyrkje tysdag.
Tysdag samla lokalsamfunnet seg for å seie farvel. – Ein trist dag for heile kommunen, seier ordførar Solveig Vestenfor.