Signe (18), Sander (22) og Ingunn (53) er dei tre offera i saka.

Ingunn (53), Sander (22) og Signe (18) mista livet i tragedien

Dei tre som vart drepne i sin eigen heim på Torpo var mamma Ingunn Slaatten (53) og hennar to vaksne barn Sander (22) og Signe (18).

I tillegg tok faren og ektemannen sitt eiget liv. Han er no sikta for drap og sjølvdrap.

Namna på dei tre som vart drepne på Torpo vart gjort kjent tysdag. Namna blir delt i samråd med pårørande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ingunn Slaatten.

Ingunn Slaatten (53)

Ingunn jobba som lærar ved Torpo skule. Der hadde ho vore i rundt 20 år, og følgt ei rekke kull gjennom barneskulen.

– Eg har veldig mykje positivt å seie om Ingunn. Ho var pliktoppfyllande, gjorde jobben og var godt likt blant elevane, seier tidlegare rektor på Torpo, Per-Egil Kolsrud til Hallingdølen.

Yrkeskarrieren hennar starta likevel ikkje i klasserommet. 53-åringen begynte som frisør, men omskolerte seg etter kvart og begynte å jobbe i barnehage.

I samband med 6-årsreforma i 1996, tok ho steget over i skuleverket, der ho har jobba sidan. Fyrst ved Sando skule, og dei siste to tiåra på Torpo.

Sander Slaatten.

Sander Slaatten (22)

Sander skulle fylt 23 år måndag denne veka. Fredag hadde han med seg kake på jobb, for å feire bursdagen på forskot saman med kollegaene sine i Sundbrei Transport.

Der jobba han sjåfør, i same bedrift som han starta som lærling då han var 18 år.

– Han var ein veldig sprudlande kar. Han hadde alltid noko morosamt på lager, var alltid blid, seier dagleg leiar Finn Arne Sundbrei til Hallingdølen.

Sander skulle vore på jobb bak rattet denne veka. Både sundag og måndag samla kollegaene seg hjå Sundbrei for å prate saman.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Han var ein humørspreiar. Alltid i godt humør. Ein som aldri såg problem, berre utfordringar, seier driftsleiar Frode Aaslid.

Signe Slaatten.

Signe Slaatten (18)

Signe var berre nokre dagar unna å fylle 19 år, og var elev ved Gol vidaregåande skule.

Signe skulle vore russ i år. På måndag opna skulen dørene for ungdom som ville kome saman i påskeveka, prate ilag og møte helsepersonell.

Rektor ved Gol videregåande skule, Anita Ulsaker, fortel at Signe Slaatten var ein pliktoppfyllande elev. 18-åringen var avgangselev på studiespesialiseringa, med realfag.

– Ho treivst godt med vennegjengen. Det var ein inkluderande gjeng. Me kjende henne som ein solid og pliktoppfyllande elev, som heile tida var til stades. Slik var ho gjennom alle åra på skulen. Ho var interessert, og ho synte det, seier Ulsaker.

Også ungdommen sørger over å miste ein av sine.

– Dette er eit sjokk for alle, og ein heilt forferdeleg situasjon, sa russepresident Ida Marie Nerheim til Hallingdølen måndag.

Prest Vigdis Moen Storhaug er pensjonist, men var sokneprest med ansvar for konfirmantane det året Signe vart konfirmert.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ho var ikkje ein person som var i første rekke og veldig frampå. Signe var beskjeden, men på ein trygg måte. Ho heldt seg litt på sida, men var nydeleg på sin reserverte måte, fortel Moen Storhaug.

Ho minnest ei ung jente med eit sterkt kunstnarisk talent.

– Eg hugsar ho sat og laga skisser og illustrasjonar i notatblokka si når me hadde undervisning, fortel presten.

Drepne mens dei sov

Samtidig som namna blir gjort offentlege, bekreftar politiet at offera vart skotne mens dei låg og sov. Politiet har tatt beslag i eit skytevåpen, som var lovleg registrert.

Den midlertidige obduksjonsrapporten viser at alle døydde momentant av skadane.

– Gjennom etterforskinga er det vårt ansvar å gi så mange svar som mogleg til dei etterlatne, fortel politiadvokat Ann Iren Svane Mathiassen.

Ho legger til at det framleis er for tidleg å si noko om dei årsakene som ligg bak denne alvorlege hendinga.

Politiet vil halde fram med å avhøyre vitne og gå gjennom elektroniske spor, i håp om at dette kan gi politiet og dei pårørande fleire svar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Helge Hartz er oppnemnd som bistandsadvokat for dei pårørande. Han bekreftar ovanfor Hallingdølen at han vart kontakta tysdag morgon og no skal ta vare på deira interesser.

– Eg har hatt ein samtale med dei i dag, og det er ikkje ønskeleg å gi nokon kommentar til saka per no, seier han.

Møtte ikkje til avtale

Ingunn, Sander og Signe Slaatten vart saman med faren og ektemannen funne døde på Torpo laurdag.

Det var ein kjenning av familien som slo alarm då den eine avdøde ikkje møtte opp til ein avtale.

Dermed gjekk det ei bekymringsmelding inn til politiet, som rykte ut til bustaden. Dei valde likevel ikkje å gå inn; dei hadde fått signal om at familien kanskje kunne vere andre plassar.

Dette vart sjekka ut. Men då ingen fekk kontakt med familien i løpet av dei neste timane, bestemte politiet ved 20-tida seg for å gå inn i huset.

Der fann dei heile familien på fire, døde. Far og ektemann er no sikta for trippeldrap.

På Torpo vart familien på fire funne døde laurdag.