Eigedomen på Torpo har vore sperra av gjennom helga, mens krimteknikarar og øvrig politi har jobba på staden.

SISTE: Familiefar sikta for trippeldrap

Politiet har tatt ut sikting mot mannen, som sjølv var blant dei fire døde på Torpo. Saka blir etterforska som drap og sjølvdrap.

Det er i tillegg tatt beslag i eit skytevåpen, som blir knytt til hendinga.

Det gjorde politiet kjent klokka 15 måndag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Status i etterforskinga er at ei kvinne og to vaksne barn har blitt skotne, og at gjerningsmannen deretter har tatt sitt eige liv. Saka etterforskast derfor no som drap og sjølvdrap, seier politiadvokat Ann Iren Svane Mathiassen.

Dei døde er enno ikkje formelt identifisert.

Fire personar vart funnen død i bustaden i Torpo sentrum.

Politiet seier samtidig at det er folkeregistrert fire personar på adressa, og at dei ikkje har grunn til å tru at det er andre enn familien som er funne døde.

Hallingdølen skreiv sundag at det dreier seg om mor, far og to barn. Då opplyste Mathiassen at den eine av dei to er i tenåra, den andre i starten av 20-åra.

Politiet seier vidare at dei ventar ein førebels obduksjonsrapport i løpet av eit par dagar.

Forsvararen

Sidsel Katralen er oppnemnd til forsvarar for den sikta i saka.

– Eg kan ikkje kommentere noko ut over det politiet sjølv har forklart. Alt av materiale og innhald er det politiet som skal kommentere, seier Katralen til Hallingdølen.

Advokaten har tausheitsplikt opp mot materialet politiet har. Katralen seier ho vil ha ein kontrollfunksjon i tida framover.

Artikkelen held fram under annonsen.

– På noverande tidspunkt går omsynet til dei pårørande framfor alt, seier Katralen.

Avhøyr og tips

I løpet av helga har det blitt gjort både taktiske og tekniske undersøkingar rundt eigedomen på Torpo. Dei kriminaltekniske undersøkingane vil ifølgje politiet halde fram ei stund framover, og det vil bli gjennomført fleire avhøyr.

– Det er for tidleg å seie noko om de bakanforliggande årsakene til denne alvorlege hendinga, alt tyder på at vi her står overfor ei hending som inneber at gjerningspersonen er død. Gjennom etterforskinga er det vårt ansvar å gi så mange svar som mogleg til dei etterlatne, seier politiadvokat Ann Iren Svane Mathiassen.

Politiet har jobba på tomta sidan laurdag kveld.

Politiet har i tillegg til avhøyr også gjort ei rundspørjing i området rundt bustaden på Torpo. Det blir også gjort undersøkingar knytt til elektroniske spor. I tillegg vil politiet framleis ha tips.

Eventuelle tips om saka kan gis til politiet på telefon 476 96 400 eller på politiet.no/tips.

– Ordentleg gjennomgang

Politiet vart alarmert om familien rundt klokka 15 laurdag. Ein kjenning av familien vart bekymra då den eine av dei avdøde ikkje dukka opp til ein avtale. Politiet rykte ut, men valde då å ikkje gå inn i bustaden.

I staden vart det undersøkt om familien kunne vere andre plassar. Då det likevel ikkje var mogleg å kome i kontakt med dei, tok politiet seg inn i huset ved 20-tida.

Der fann dei alle fire, døde.

Artikkelen held fram under annonsen.

Huset i Torpo sentrum vart sperra av etter at politiet tok seg inn i huset laurdag kveld i 20-tida.

Undersøkingar

Heilt sidan politiet tok seg inn i huset laurdag kveld, har det det blitt jobba med tekniske undersøkingar på Torpo. Natt til sundag kom dei første krimteknikarane til staden.

Les også
Siste frå politiet: Den eine avdøde møtte ikkje opp til avtale - då vart politiet varsla

Dei jobba i huset og på eigedomen heile resten av helga. Då Hallingdølen prata med politiadvokat Mathiassen sundag kveld, sa ho at deira arbeid var mykje av årsaka til at det ikkje vart tatt ut sikting alt i helga.

– Me ønsker at dei skal få ha ein ordentleg gjennomgang. Men me begynner å få ei formeining om kven gjerningspersonen er, sa ho då.

Det vart tidleg klart frå politiets side at dei ikkje trudde det var fleire personar involvert i hendinga. Det vart heller aldri leita etter nokon gjerningsperson.

Alt sundag slo dei fast at det dreidde seg og drap og sjølvdrap.

Les også
Opna kyrkjedørene for ei bygd i sorg: – Dette er som ei bombe, der granatsplintane har gått i alle retningar
Les også
Etterforskar saka som drap og sjølvdrap
Les også
Torpo har kjent på tragediar før: – Håpar folk finn trøyst i kvarandre