Sundag ettermiddag kom gravferdsbyrået til Torpo.

Siste frå politiet: Den eine avdøde møtte ikkje opp til avtale - då vart politiet varsla

Då den eine avdøde på Torpo ikkje dukka opp til avtalt tid, vart politiet varsla. Nokre timar seinare tok dei seg inn i huset.

Det var ein bekjent av familien som først sende inn ei bekymringsmelding. Det skjedde rundt klokka 15 laurdag.

– Vedkommande fekk heller ikkje kontakt med resten av familien, og vart bekymra for at noko hadde skjedd. Derfor drog politiet ut på ein såkalla velferdssjekk. Det er noko dei gjer ofte, men det er ikkje slik at dei ved første høve tek seg inn eit hus, forklarar politiadvokat Ann Iren Svane Mathiassen i Sør-Øst politidistrikt til Hallingdølen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet fekk opplysningar om at familien kunne vere andre plassar. Dette vart sjekka ut, men utan hell. Då politiet heller ikkje fekk kontakt med nokon i familien, tok dei seg inn i bustaden på Torpo.

Det skjedde rundt klokka 20 på kvelden. Inne i huset fann dei fire personar, alle døde.

Les også
Opna kyrkjedørene for ei bygd i sorg: – Dette er som ei bombe, der granatsplintane har gått i alle retningar
Folk har lagt ned blomar utanfor tomta der fire fire personane laurdag kveld vart funne døde på Torpo i Ål.

Det har aldri vore nokon indikasjon på at det er fleire personar involvert i hendinga. Det har heller ikkje blitt leita etter gjerningspersonar.

Førebels er ingen sikta i saka, men dette kan skje i løpet av måndag.

– Krimteknikarar jobbar på åstaden. Me ønsker at dei skal få ha ein ordentleg gjennomgang. Men me begynner å få ei formeining om kven gjerningspersonen er, seier Mathiassen.

– Vil det kome ein siktelse relativt raskt?

– Det er truleg.

Drap og sjølvdrap

Alle dei fire omkomne er i same familie. Det dreier seg om mor, far og to barn. Ifølgje Mathiassen er den eine av dei to i tenåra, den andre i starten av 20-åra.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Etterforskar saka som drap og sjølvdrap

Politiet har oppretta drapsetterforsking, og meiner det handlar om drap og eit sjølvdrap.

– Kan de si noko meir om den vurderinga?

– Den er gjort basert på dei første funna som vart gjort på staden.

Det er samtidig gjort funn av eit våpen, som politiet meiner kan knyttast til hendinga.

Førebels vil dei ikkje si noko om kva slags våpen det dreier seg om.

– Det er framleis vitne som skal avhøyrast, og me ønsker ikkje at dei skal vite kva slags våpen det er tatt beslag i. Me ventar også på obduksjonsrapportar, seier politiadvokat Mathiassen.

– Har de avhøyrt mange vitne til no?

– Det har me gjort. Det er alltid slik at det mange kan ha ein eller fleire opplysningar som er viktige for politiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tema for ein del av avhøyra skal vere å kartlegge når dei avdøde sist hadde kontakt med andre personar.

– Kan du si noko om kor dei døde vart funne?

– Alle vart funne inne i huset. Eg kan ikkje si meir om det, anna enn at dei ikkje vart funne saman.

Om nokon har tips i saka, ber politiet folk ta kontakt på dette nummeret: 476 96 400.

Politiet varslar at dei kjem til å jobbe på staden i fleire dagar framover.
Les også
Naboar etter tragedien: – Ikkje slikt ein trur kan skje berre eit steinkast unna der ein sjølv bur
Les også
Torpo har kjent på tragediar før: – Håpar folk finn trøyst i kvarandre