Hallingdals første solpark skal forsyne skisenter og hotell med straum: – Å fyre opp ein vinterdestinasjon med eigenprodusert straum, vil slå an vanvitig
Dagali flyplass blir bygd ut med solpark. Straumen skal brukast på Geilo.
Geilogruppen, SkiGeilo og Vidju Holding har signert ei intensjonsavtale og eit realistisk mål er bygging i 2026. Første byggetrinn vil dekke straumbehovet for til dømes Vestlia Resort eller alpinanlegget til SkiGeilo.
– SkiGeilo blir truleg det første, større alpinanlegget i Europa med opphavsgaranti på eigenprodusert straum, seier styreleiar Arne Pålgardhaugen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sol og kaldt
Dagali flyplass i Hol tysdag ettermiddag: I sola ute på rullebanen står representantar for SkiGeilo, Geilogruppen og Vidju Holding. Siste månadene har dei arbeidd med det banebrytande prosjektet ikkje berre i lokal målestokk, men også nasjonalt.
Kontrasten er stor til vinteren når Geilo Lufthavn Dagali og bygda er blant landets kaldaste plassar. Men akkurat det skal vere ein fordel når dei vil bygge regionens første solpark.
Solceller produserer betre i kaldt klima, og får lang levetid på grunn av lågare temperaturar. Solparken er planlagt langs flystripa utan å kome i konflikt med rullebanen og andre retningslinjer for bruk av flyplassen.
For både småflyplassen og Dagali Opplevelser som driv her i dag, skal halde fram som før.
Adm. direktør i Geilogruppen, Roger Espeli, er entusiastisk etter å jobba med prosjektet i fleire månader. Dei har overnattingsbedriftene Vestlia Resort, Highland Lodge og Bardøla Fjelltun under same paraply.
– Me vil produsere tilsvarande mengde straum som me brukar. Det er realistisk.
Lokale selskap
Det er over 20 år sidan den kommersielle luftfarten var historie på Geilo Lufthavn Dagali. I år er det også fire år sidan Hol kommune selde eigedommen til Geilogruppen og Geilo Holding.
– Spørsmålet har vore kva me skulle gjere med flyplassen. Det har vore ei nøtt, seier Pålgardhaugen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Geilogruppen og Geilo Holding
* Geilogruppen er eigd av Pål G. Gundersen og har med hotella Vestlia Resort, Bardøla Høyfjellshotell og Highland Lodge hand over 1600 hotellsenger.
* Geilo Holding eig så nær som alle skianlegg på Geilo. Selskapet er eigd av Ivar Tollefsen og Arne Pålgardhaugen gjennom deira to selskap Kikut Eiendom AS og Fredensborg Fritid AS. Dotterselskapet SkiGeilo AS driv skisenteret.
Planane om solpark har vore oppe i nokre månader. Så kom Vidju på banen. Vidju Holding, som er eigd av hallingdalskommunane, starta satsinga på solkraft i fjor. Det gjer konsernet gjennom selskapet Skoll AS, som vart starta saman med Dalane Energi og Hå Energi i Rogaland.
Eit anna dotterselskap i Vidju, fiberselskapet Bruse AS, satsar også på solceller. Prosjektet i Dagali er ein gyllen sjanse til å verkeleg sette fart i solparkplanane.
– At me er fleire lokale partnarar som går saman, er ein stor fordel. Det er ingen tvil om at grøn energi og sol er framtida, men det er framleis i startfasen. Solpark er det første me kan realisere her, og me har fleire tankar om kva me kan utvikle dette området vidare med, seier forretningsutviklar Hans Karluf Uppheim.
Gode solforhold
Solparken vil produsere kring 8 GWh/år. Det er maksimal mengde straum dagens kraftlinje frå Dagali til Geilo kan ta. Men potensialet med ei ny kraftlinje, er tredobling.
Effektiviteten i det nye anlegget vil gi effekt på kring 1000 kWh/kWp. I Norge er forventa produksjon gjennomsnittleg 800. I Europa er snittet likt det som er planlagt i Dagali (650-1000).
– Dagali ligg høgt med låg horisont med innstråling heile året. Sola blir ikkje borte bak høge fjell, seier prosjektleiar Kristoffer Ruud, som også er tilsett i Bruse.
Leiar for infrastruktur og teknologi, Eirik Strandbråten i Bruse, er dagleg leiar i Skoll. Han peikar på særleg to moment som ofte forseinkar solparkplanar: Overføringskapasitet og areal.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Utfordringa er kapasitet i straumnettet, men det går det an å gjere noko med og det har me ein plan for. I utbygging av solparkar, er spørsmålet kor store naturinngrepa blir. Men det er ein av dei store fordelane her, areala er alt bygd ut på grunn av flyplassen.
Dette er blant hovudpunkta når Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) vurderer konsesjonssøknadene.
– Spørsmålet er kva for areal som kan brukast. Her er det heller ingen ikkje konflikt med landbruksjord. Det ser ein andre stader, som på Jæren, seier Strandbråten.
– Vegen vidare no?
– No blir det arbeid med reguleringsplanen for området. Parallelt med dette må det inn ein konsesjonssøknad til NVE. Så må me arbeide vidare med utrekningar, tilgjengeleg areal og kor og korleis me kan bygge, seier Ruud.
I planarbeidet blir eit anna søsterselskap i Vidju-konsernet, HallingKonsult, også trekt inn.
– Må rekne med behandlingstid på halvanna år. Me ser for oss å realisere dette i 2026, meiner Ruud.
– Nyskapande og framtidsretta
Rådgjevar i SkiGeilo, Helge Otto Mathisen, er tidlegare konserndirektør i Color Line. Han trur dette vil få stor internasjonal merksemd.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Å fyre opp ein vinterdestinasjon med eigenprodusert straum, vil slå an vanvitig. Me kjem til å skilje oss ut. Utruleg spennande.
Espeli viser til Geilo som nasjonalparklandsby. I tillegg er Hol nasjonalparkkommune.
– Prosjektet Dagali solpark vil ikkje berre bli eit utstillingsvindauge for fornybar energi og teknologi, men vil vere ein stor bidragsytar i å fremme Geilo som ein berekraftig, nyskapande og framtidsretta reiselivsdestinasjon, meiner Espeli.
Uppheim seier det slik:
– Ein høyrer ofte om bedrifter som vil grønvaske seg, men dette er eit veldig grønt initiativ. Det vil utgjere ein skilnad, her lèt ein ikkje som det er miljøvenleg, seier Uppheim.
Pålgardhaugen trur som dei andre at dette berre er starten på kva som kan kome på Dagali flyplass.
– Vidju er veldig interessant som eit lokalt selskap med lokal kompetanse. Dette kan vere eit trinn ein for å utvikle eigedommen og flyplassen vidare, bygge vidare og skape arbeidsplassar. Me er veldig trygge på samarbeidet med Vidju.
Også skisenteret brukar mykje straum vinterstid. Derfor er utvikling av ny energi i samarbeid med andre lokale selskap interessant, meiner Pålgardhaugen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Veldig spennande å vere med på noko me har indirekte nytte av og elles gir ringverknader i lokalsamfunnet og regionen.