Politiadvokat Ann Iren Svane Mathiassen orienterte om bakgrunnen for at ektemannen er sikta for tre drap på Torpo.

Politiet: – Alt tydar på at ofra vart skotne mens dei sov

Politiet ber folk unngå å spekulere i kva som har skjedd i huset på Torpo.

På ein pressekonferanse måndag gav dei litt meir informasjon om kva dei meiner har skjedd med familien på fire.

– Alt tydar på at ofra vart skotne mens dei sov. Det er ingen teikn til kamp i bustaden, seier politiadvokat Ann Iren Svane Mathiassen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare oppfordrar politiet også folk til å unngå ryktespreiing i lokalmiljøet:

– Me er kjent med at det florerer ein del rykte, seier Mathiassen.

Obdusert måndag

Politiet bekrefta måndag at det er ei kvinne og to barn som har blitt skotne.

– Gjerningspersonen har deretter tatt sitt eiget liv. Det er bakgrunnen for at saka etterforskast som drap og sjølvdrap, seier Mathiassen.

– Det er den avdøde gjerningspersonen som har status som sikta i saka. Dette er altså ofras far og ektemann.

Politiet har førebels ikkje gått ut med identitet på dei omkomne. Mathiassen fortel at dei har blitt obdusert måndag.

– Me vil truleg innan kort tid få ein førebels obduksjonsrapport, seier ho.

Lovleg registrert våpen

På pressekonferansen måndag kom det fram at det var tatt beslag i eit skytevåpen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kan du si noko meir om våpenet?

– Det ønsker me ikkje. Men det er eit skytevåpen, og det er lovleg registrert, seier Mathiassen til Hallingdølen.

Det er sett ned blomar utanfor bustaden til familien.

– Er det vitne som har høyrt noko?

– Det har eg ingen opplysningar om. Per no er det ikkje vitne til sjølve hendinga eller noko rundt det.

– Kva gjer politiet no for å kartlegge kva som kan ha vore motivet?

– Det blir fortløpande tatt mange avhøyr. Av vener, kollegaer, familie og andre som kan ha opplysningar. Me hentar også inn opplysningar frå offentlege register.

– Kva veit de om tidspunktet dette skjedde?

– Ut frå dei opplysningane me har meiner me det skjedde natt til laurdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjent med rykte

Under sjølve pressekonferansen måndag bad politiet folk om å vere forsiktig med spreiing av rykte og spekulasjonar. Ovanfor Hallingdølen utdjupar dei dette.

– Me vart for kort tid sidan gjort kjent med at det går rykte i lokalmiljøet om kva som har skjedd og kven som har stått bak. Det har ikkje vore noko problem for etterforskinga, men me meiner det er greitt å gi informasjon om kva som skjedde for å dempe spreiinga, seier Mathiassen.

Politistasjonssjef Brit Fyksen legg til:

– Det viktigaste er å få ut informasjon.

– Kva type rykte har det vore snakk om?

– Det vil eg ikkje uttale meg om. Men dette handlar om å trygge lokalsamfunnet. Det viktigaste for oss er å få ut riktig og sakleg informasjon, seier Fyksen.