Geir Liodden måtte flytte heim til guterommet hos mor og far. Han rakk å bu drygt eit halvår i det nye huset sitt, før «Hans» kom å spente bein på draumen om eit godt liv i sentrum. No er huset ribba ned til skroget og det er full stopp på renoveringa.

Måtte flytte heim til guterommet: – Det har vore ei tøff tid for både ungane og meg sjølv

Geir Liodden måtte evakuere under «Hans». No bur han på guterommet mens han ventar på svar om kva som vil skje med det nye huset.

Rukkedøla og Hallingdalselva møttest midt i stripa i Nesbyen sentrum under flaumen i august. Dette baud på eit fullstendig kaos. Vegane reiste og sentrum vart fylt med vatn og stengde ned.

Hjullastar og båt vart framkomstmiddel mellom sentrum og over til austsida. Ras, overfløymde elvar og bekkar. Hus, hytter og campingplassar stod under vatn. Familiar måtte evakuere i hui og hast frå heimane sine.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vatn i kjellaren

Geir Liodden var ein av dei som måtte forlate bustaden sin, han som alle dei andre i nedst Nesbyen sentrum. Rukkedøla tok rett og slett over nabolaget.

Han hadde nyleg kjøpt huset i Rukkedalsvegen. Han og ungane rakk å bu der drygt eit halvår.

Les også
Tore bur i verkstaden: – Hadde eg fått ein ti'ar kvar gong eg vart spurt om korleis det går med huset mitt, så kunne eg dekka den flaumvollen for kommunen

Han oppdaga fyrst at grunnvatnet hadde starta å trenge inn i kjellaren. Han vart ikkje så uroleg av dette. Tidlegare eigarar hadde fortald at huset berre hadde vore ramma av flaum nokre få gonger sidan det vart bygd på slutten av 50-talet. Og aldri hadde det vore vatn anna enn i kjellaren.

Men utover dagen den 8. august vart det stadig meir og meir vatn. Også han, som alle andre i nabolaget, vart varsla om at det kunne bli aktuelt med evakuering.

Liodden fekk raskt tak i eit par vasspumper, som heldt kontroll på vassmengda i kjellaren, i alle fall for ei stund.

Om Geir Liodden og ungane har noko hus å flytte attende til er ikkje godt å seie. Halmstrået blir berre kortare og kortare...
Huset er ribba ned til undertøyet, og manglar berre yttertøyet. Men det stoppar her, i alle fall fram til det blir bestemt om dei får halde fram å bu i Stripa i Nesbyen sentrum.

Sjølv om historia tilsa at det ikkje ville bli vatn i fyrste etasje, valde han å gjere nokre tiltak. Han fekk familie og vener til å kome for å hjelpe, og saman tømde dei kjellaren for alt inventar. I fyrste etasje var det berre sofaen og nokre få møblar som stod att. Resten vart bore opp i andre etasje, i takt med at vatnet steig meir og meir.

Etter ei tid oppdaga Liodden at det kom vatn inn i hagen. Vatnet kom raskare og raskare. Då han kikka ut vindauga på baksida av huset, kunne han sjå at Rukkedøla hadde skifta bane. No var delar av elva på veg inn i gardsplassen og på under ein time stod heile eigedommen under vatn.

Evakueringa

Ved 19-tida kom det folk på døra som bad han om å evakuere. Han og ungane pakka bagen og reiste heim til foreldra hans på Liodden.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg trudde jo ikkje dette kom til å bli noko store greier, for eg hadde framleis berre vatn i kjellaren. Både eg og ungane var innstilt på at me skulle sove hos mamma og pappa eit par netter, så ville me kunne reise heim att. Men slik vart det ikkje, fortel Liodden.

Nokre dagar seinare kom dei attende til huset. Då fekk dei sjå skadane både i og utanfor huset. Hos Geir Liodden hadde vatnet komme opp i fyrste etasje, men det var i all hovudsak berre nokre få cm over golvet. Likevel nok til at skadane vart omfattande. Alt måtte rivast.

– Eg stod og såg korleis Rukkedøla kom inn mot huset. Vatnet steig så fort. På under ein time var eigedommen full av vatn, fortel Geir Liodden.

Tre månader seinare har han framleis bustadadresse hos mor og far. Huset på stripa er ribba heilt ned til reisverket og har stått til tørk i lang tid.

Liodden bur på det gamle guterommet, som han flytta ut av for mange år sidan. Dette deler han med sonen annankvar veke. Dottera bur på tante sitt gamle rom.

– Å bu slik går for ein kort periode, men i det lange løp er ikkje dette optimalt.

Ungane er 10 og 14 år, og dei må sjølvsagt vise eit heilt anna omsyn når dei bur heime hjå besteforeldra, enn det dei hadde måtta gjere om dei fekk bu heime i sitt eige hus.

– Det er ikkje like enkelt å ha besøk for eksempel. Dei har ikkje eingong sitt eige rom, og må vise omsyn til foreldra mine i forhold til innetid og slikt. Det er ikkje berre enkelt for foreldra mine heller, vil eg tru, at eg flyttar heim att med to ungar, annakvar veke.

Problemet er ikkje at han i ein periode må bu på guterommet, for det vil løyse seg når han får flytte heim. Problemet er at dei må bu seg på at dette vil ta lang tid. Og om dei får flytte attende til huset på Stripa, er heller ikkje sikkert.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil heim, saknar informasjon

Bygge- og delingsforbudet gjeld framleis for huset til Liodden, sjølv etter at kommunen kom med forslag om å flytte den planlagde flaumvollen lenger mot riksvegen. Saka er ikkje avgjort, men å leve i uvissa tærer på for den vesle familien. Det tyngste er å ikkje vite kva som vil skje eller når han kan vente ei avklaring.

Les også
Store konsekvensar etter flaumen - deler av Nesbyen sentrum kan bli flytta

– Fyrst så fekk eg beskjed frå forsikringsselskapet at eg kunne berre setje i gang med å byggje opp att.

Så kom kontrabeskjeden frå kommunen, med bygge- og deleforbod. Etter det vart alt sett på vent. Forsikringsselskapet hadde gitt han eit målflagg å sjå fram til, at oppbygginga kunne vere ferdig ved påsketider. Men no lever han i uvissa, utan så mykje som eit halmstrå å klamre seg fast i.

Geir Liodden fortel om ei tøff tid med store påkjenningar. Det einaste han ynskjer seg er eit svar. Han trur det blir lettare å få eit vedtak å halde seg til, uansett kva svaret blir.

– Kommunen var utruleg flinke under Hans, der dei informerte kontinuerlig. Der var dei skikkeleg gode. Men etter at vatnet trekte seg attende, har det vorte for sjeldan og for lite informasjon. Eg trur eg hadde slått meg meir til ro om eg vart oppdatert litt oftare, seier han.

Les også
Spent før møte om mogleg byggeforbod: – Det har vore ei belastning

Han skjønar at dei ikkje alltid kan svare på alle spørsmåla, men også det er informasjon han hadde sett pris på å få.

– Om dei for eksempel hadde oppdatert facebooksida og fortalt kva dei jobbar med og korleis framdrifta er, hadde det stagga noko av uroa, trur eg.

Liodden håpar framleis på at han skal «få att» huset sitt og at han og ungane kan få flytte heim. Men han skjønar at sjansen er stor for at dette ikkje kjem til å skje. Og kva då?

Les også
NVE om flaumsituasjonen i Nesbyen: – Me klarar ikkje å sikre alle bustadene

Han etterlyser at kommunen også kunne informert om dette, for å trygge dei som sit i uvissa. Han ynskjer å vite kva kommunen kan stille opp med? Og om det finst andre enn forsikringsselskap dei burde kontakte?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det beste hadde vore om kommunen hadde kalla inn til eit felles møte for dei innbyggarane det gjeld, seier han.

Går på helsa laus

Liodden fekk ein skikkeleg smell då alt skjedde i august, det vart rett og slett for mykje. I dag er han sjukmeldt. Han veit ikkje kor han skal bu eller kor lang tid det tek før han får svar. Snakkar me om månader eller år? Burde han leite etter leilegheit eller hus, fram til han får svar? Og vil det vere råd å bli buande på Nesbyen med den bustadsituasjonen som kommunen er i no?

– Det er tøft. Ikkje berre for meg, men også for ungane. Det er ikkje lett å finne ein plass å leige no. Det var bustadmangel før «Hans», og dette har ikkje vorte lettare no. Det er ei stor påkjenning. Og eg veit at svært mange av oss som er ramma, kjenner på det same utrygge vakuumet.