Holingar som må til lege fordi dei nys og hostar, vil bli tatt imot i eit beredskapstelt utanfor legesenteret på Geilo.

Må halde legekontora fri for smitte

– Ved sjukdom skal du ikkje møte opp på legekontor eller legevakt utan å ha avtale på førehand.

Denne meldinga får alle som i desse dagar prøver å ta kontakt med lege.

Sorterer pasientane

Å få koronasmitte inn på legekontoret er det verste som kan skje. Det blir difor gjort tiltak for å hindre dette. Legane må organisere arbeidet på nye måtar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Målet er å halde legevakta fri for smitte. Ingen med luftvegssymptom skal inn i huset. Difor har me innført eit skilje mellom korona og andre luftvegsinfeksjonar, på den eine sida, og alle andre diagnosar, på den andre, seier lege Marianne Lerberg i Ål.

Ventar svar på 20 prøver

Av kommunane lokalt, er det Hol som har fått påvist flest koronasmitta. Peter Schiellerup er smittevernlege ved Geilo legesenter. Han seier at det tysdag var åtte bekrefta tilfelle og at det er sendt inn kring 20 prøver dei ventar svar på.

– Begge dei to legekontora i kommunen skal haldast oppe. Ved Hol legekontor er det to fastlegar og ved Geilo legesenter er det fem fastlegar. For å hindre smittespreiing er me bevisst på at både legar og anna helsepersonale ikkje skal jobbe på tvers, seier han.

Har sett opp telt til dei som hostar

Holingar som må til lege fordi dei nys og hostar, vil bli tatt imot i eit beredskapstelt utanfor legesenteret på Geilo.

– Folk må ta kontakt på telefon før dei kjem. Me vurderer strengt kven som treng legeundersøking og kven som kan vere heime utan legetilsyn. Teltet er definitivt ikkje eit «drop-in»-tilbod, seier Helge Enerstvedt, fagansvarleg for legeteneste i Hol.

Tysdag vart sjukeheimsavdelinga ved Geilotun bo- og behandlingssenter tømt for bebuarar.

Les også
– Kor kom smitta frå? Kven har me smitta?

– I løpet av nokre dagar vil det vere klart til å flytte utstyr ut av teltet og inn på Geilotun for å ta imot pasientar med luftvegsinfeksjonar der. Telta blir då ståande i ekstra beredskap, seier Enerstvedt.

Inn i ambulansegarasjen

– Også i Ål er det sett opp beredskapstelt utanfor legekontoret?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Teltet kjem ikkje til å bli brukt i første omgang, men me let det stå i beredskap. I staden får me bruke ambulansegarasjen til å ta imot pasientar med symptom på luftvegssjukdomar. Det er meir komfortabelt å bruke ambulansegarasjen, der det både er varme og straum. Me har dessutan sjanse til å ha ei «sluse», eit skilje mellom skitten og rein sone, seier Lerberg.

Les også
Frå i dag kan folk ringe eigen koronatelefon i Hallingdal

Koronatelefonen avlastar

– Korleis er trøkket?

– På daglegevakta har det roa seg litt på telefonen. Det oppretta eit eige telefonnummer på korona, og dette avlastar bra. Pasientar skal sjølvsagt ta kontakt viss dei blir sjuke eller er skadd, men me må prioritere. Difor er det viktig at folk ringer på førehand, slik at me får vurdere om dei skal kome eller ikkje, seier Lerberg. I Ål er legane delt i to lag som ikkje skal vere på jobb samtidig.

– Me er færre å jobb for å unngå kontaktpunkt. Det eit ønske å minimere pasienttrafikken. Difor går fastlegane gjennom avtalebøkene for å vurdere om det går an å utsette konsultasjonar eller å ta konsultasjonar over telefon, seier ho.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her

Positivt med negative prøvesvar

Gjennom helga var det mistanke om koronasmitte både ved legevakta og i ein barnehage i Ål. Måndag kom beskjeden at begge prøvar var negative.

– Det ville fått store konsekvensar for drifta av legevakta, dersom prøven var positiv. I Ål har me fått eit kvileskjer etter at dei to prøvane var negative.

Les også
Korona-situasjonen på Høgehaug: Alle bebuarane er isolert
Les også
Psykologen: – Isolasjon gjer noko med oss
Les også
– Me må tenke på dei som vil trenge respirator
Les også
Slik er det å vere i risikogruppa