Fem nye bekrefta smitta: Endå ein skuleklasse er råka

Fem personar fekk tysdag positive prøvesvar på koronatestar i Ål. Den eine smitta er knytt til ein klasse på Ål videregåande skule, som no er sett i karantene.

Det melder skulen sjølv tysdag kveld. På heimesida skriv dei at éin klasse er råka, og nokre lærarar.

Dei fem nye smittetilfella gjer at Ål no har fått 11 smitta på få dagar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Elevar råka

Laurdag fekk Ål ei positiv koronaprøve som enda med at mange vart kalla inn til testing. Sundag var bilkøen lang utanfor teststasjonen i sentrum.

Smitta var knytt til ein skuleklasse som hadde vore på leirskule, derfor vart heile 9. trinn sett i karantene.

Etter testinga sundag vart ytterlegare to bekrefta smitta. Nye personar vart sett i karantene, og fleire kalla inn til testing.

Tysdag kom svara, blant desse altså fem positive.

– Fire er knytta til smitta i Ål, ein til smitte i ein annan kommune. Fem nye nærkontaktar er sett i karantene, fortel Bøyum.

– Korleis vurderer du situasjonen no?

– Sidan alle alt var i karantene, har me oversikt per no. Det er framleis usikkerheit knytta til ei ukjent smittekjelde, men me driv mykje testing, seier kommuneoverlegen.

– Det viktigaste no er at folk følgjer dei grunnleggjande reglane; hald ein meter avstand. Munnbind kan vere eit supplement. Ha god handhygiene. Hald deg heime, og test deg om du får symptom.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hol gjekk fri

Også Hol vart råka av utbrotet i Ål, sidan eit klassetrinn der hadde vore på same leirskule som ålingane. Også der vart det testa mange måndag morgon.

Tysdag kan kommuneoverlege Silje Koldal fortelje at alle prøvesvara i Hol var negative.

Totalt er 22 personar i Hallingdal dei siste to vekene. Dei 22 smitta fordeler seg slik:

Gol: 8

Ål: 11

Hemsedal: 1

Hol: 2

Les også
– Folk bør vere meir uroa for at dei kan smitte naboen
Les også
Endå ein skuleklasse i karantene - har testa 40 personar i dag