Fekk tre nye smittetilfelle: - Situasjonen er noko uoversiktleg

Fredag fekk Ål tre positive koronaprøver. Alle tre er uavhengig av kvarandre, og 17 personar er sett i karantene.

– To av dei smitta har blitt smittespora i andre kommunar, ein av desse var nærkontakt og sat alt i karantene. Den siste har førebels ukjent smittekjelde, seier kommuneoverlege Toril Bøyum.

Sidan dei positive svara kom, har smittesporarane i Ål jobba med å kartlegge dei smitta.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Totalt er 17 personar sett i karantene, og blir testa i dag, seier Bøyum til Hallingdølen laurdag ettermiddag.

– Korleis vurderer du situasjonen, sidan dette er tre uavhengige tilfelle på ein gong?

– Den er noko uoversiktleg per no, seier kommuneoverlegen.

Fredag skreiv Hallingdølen at tre kommunar hadde fått sju smitta personar på sju dagar. Fire i Gol, to i Hol og éin Hemsedal. Det siste døgnet har det kome beskjed om eit nytt tilfelle i Gol, og desse tre i Ål.

Det siste tilfellet i Gol hadde fått symptom, og halde seg heime. Derfor vart ikkje konsekvensane så store då testen viste seg å vere positiv, tre personar har hamna i karantene.

Les også
Den eineveldige tatovør
Les også
Sykling for dei fleste
Les også
Brukar ein bit av Primhovda beach til utsmykking
Les også
Desse tre kommunane har fått sju smitta på sju dagar