Desse tre kommunane har fått sju smitta på sju dagar

I løpet av den siste veka har fire i Gol, to i Hol og ein person i Hemsedal blitt bekrefta smitta av koronaviruset.

Ingen av tilfella har fått store lokale konsekvensar.

På sju dagar har sju personar fått positive prøvesvar rundt om i Hallingdal. Dei første kom i Gol sist helg. Tre personar fekk bekrefta smitte fredag for ei veke sidan.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er alle personar som har vore i nærkontakt-karantene den siste veka. Det vart tatt nye testar av dei på grunn av at dei utvikla symptom, fortel kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam.

Har ringa det inn

To dagar seinare, på sundag, fekk Gol endå eit tilfelle.

– Igjen er det ein nærkontakt som alt sat i karantene som har testa positivt. Det er slik sett ingen konsekvens av dette tilfellet heller, seier Thurainayagam.

– Me har hatt nokre positive tilfelle desse dagane, men at alle har vore nærkontaktar som alt var i karantene, betyr at me har fått ringa dette godt inn. Me har god kontroll, seier han.

God kontroll i Hol

I Hol har to personar fått bekrefta smitte dei siste døgn.

– Det er to lokale enkelttilfelle, seier kommuneoverlege Silje Koldal. Ifølgje ho er nærkontaktane få, så det er ikkje mange som er sett i karantene.

– Situasjonen ser per no ut til å vere under kontroll, seier ho.

I Hemsedal har dei fått ein smitta. Smittekjelda er førebels ikkje kjent, men truleg er den utanfrå dalen. Det er ingen mistanke om at det har spreidd seg vidare.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
- Håpar det vil pushe grensene så langt at det sit igjen resten av livet
Les også
Opnar Styrkekjeller'n
Les også
Seks nye koronasmitta - to familiar sit isolert på hytta
Les også
No blir det «vaksine-bonanza» i Hallingdal: Fleire tusen dosar på veg
Les også
Måtte stenge etter smitte: - Forferdeleg lei meg på vegner av kundane