Dette biletet er frå testing av koronasmitte ved Ål legevakt i januar.

Seks nye koronasmitta - to familiar sit isolert på hytta

I løpet av dei siste 12 dagane har i alt 14 personar i Hol fått bekrefta at dei er smitta av viruset. Totalt har 24 personar i Hallingdal fått positive prøvesvar.

Dei åtte første tilfella i Hol var knytt til eit reisefølgje som kom til kommunen for snart to veker sidan. No har Hol fått endå seks positive:

– To familiar sit i isolasjon på hytter. Dei er tilreisande, seier kommuneoverlege Silje Koldal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Alltid uviss

Smittesporingsgruppa har jobba for å finne smittekjelda, og ifølgje Koldal er den utanfrå kommunen. Ho seier vidare at ho ikkje trur dei seks nye smittetilfella har store fare for å spreie om seg lokalt.

– Men det er sjølvsagt alltid uvisse rundt offentlege stader, som kan fungere som «smittebru», seier Koldal.

– Eg oppfattar likevel situasjonane som godt klarert og under god kontroll.

Det er ikkje definert noko stort tal nærkontaktar som følgje av dei positive prøvene.

Ingen nye symptom

Når det gjeld reisefølgjet som testa positivt for snart to veker sidan, har det ikkje kome nye smitta dei siste dagane. Nærkontaktane som vart sett i karantene, blir testa på nytt denne veka.

– Men det er positivt at ikkje nokon nye har hatt symptom denne veka. Det betyr at situasjonen begynner å kome under kontroll, og er avgrensa, seier Koldal.

Som følgje av smitte på dei åtte, vart Dagali opplevelser stengt rett før helga. Dei har framleis ikkje opna att.

– Me vurderer fortløpande å heve dette vedtaket, utifrå smittevurdering, seier Koldal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Måtte stenge etter smitte: - Forferdeleg lei meg på vegner av kundane

Det har vore ei rekke smittetilfelle i Hallingdal dei siste par vekene, totalt 24 personar har fått positive prøvesvar. Men ingen av desse har gitt noko vidare utbrot lokalt. Dei 24 fordeler seg slik:

Flå: 0

Nesbyen: 5

Gol: 4

Hemsedal: 1

Ål: 0

Hol: 14

Les også
Ein smitta i Hemsedal - 30 nærkontaktar blir testa
Les også
To nye smitta i Gol: - Me har kontroll
Les også
No er fem smitta i Nesbyen: – Me har jobba mykje med sporing