Tre i same reisefølgje testa positivt for korona

Då dei tok ein test på dag tre etter innreise frå utlandet, fekk tre personar positivt prøvesvar i Hol.

Ifølgje kommuneoverlege Silje Koldal høyrer alle dei tre til same reisefølgje. Dei tok ein test i Hol tre dagar etter at innreise til Norge, og er no bekrefta koronasmitta.

– To personar til er sett i nærkontaktkarantene. Den eine av desse høyrer til lokalsamfunnet, fortel Koldal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho seier vidare at situasjonen førebels verkar å vere under kontroll, men:

– Dette kan utvide seg i omfang om nærkontaktane testar positivt. Vegen vidare er derfor noko uavklart, seier Koldal.

Dei positive prøvesvara tikka inn fredag. Det blir jobba tett med vidare smittesporing i kommunen, med testing måndag.

Hol fekk to smittetilfelle også for ei knapp veke sidan. Desse to tilfella var uavhengig av kvarandre, men spreidde seg ikkje vidare i lokalsamfunnet. Begge dreidde seg truleg om den smittsame deltavarianten.

Også Gol har fått kjenne på auka aktivitet og at folk er på farten i det siste. I løpet av fire dagar denne veka fekk dei fire positive prøvesvar.