Fire koronasmitta på fire dagar i Gol

Torsdag fekk Gol endå ei positiv koronaprøve.

– Førebels er smittekjelda ukjent, men me jobbar med saka, fortel kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam.

Tilfellet er det fjerde på fire dagar i Gol. Det første kom måndag kveld. Då nærkontaktane til denne vart testa, viste også to av desse seg å vere smitta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fleire til testing

Ein ny smittesporingsjobb vart sett i gang, og nye nærkontaktar vart kalla inn til testing. Kommuneoverlegen kunne ikkje seie at dei hadde full oversikt over situasjonen før desse svara kom att.

Les også
To av nærkontaktane i Gol har også testa positivt: - Ber alle vere obs på symptom

Det har dei gjort no, og alle var negative.

– Då kan me seie me har kontroll på det, seier Thurainayagam.

Nytt tilfelle

Men samtidig tikka det altså inn eit nytt tilfelle torsdag.

– Det har ingen samanheng med dei andre, fortel kommuneoverlegen.

– Med ein fin sommar, auka aktivitet og samlingar vil det alltid vere risiko for slike isolerte tilfelle.

Liten kontakt med andre

Han seier vidare at personen som no er bekrefta koronasmitta kom inn til testing etter å ha kjent symptom, akkurat slik folk innstendig har blitt oppmoda til å gjere.

– Vedkommande hadde vore i relativt lite aktivitet i dagane før symptoma utvikla seg, så dette får ingen større konsekvens, seier Thurainayagam.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Med unntak av eit husstandsmedlem er det ikkje registrert andre nærkontaktar. Den eine nærkontakten vil bli testa.

Les også
Ferieminne: 14 dagar i isolasjon på hytta
Les også
Ein ny attraksjon i Hol
Les også
Skal segle over Atlanteren