Ein koronasmitta i Gol - tre i karantene

Ein person har testa positivt for koronaviruset i Gol.

Det har gått nesten to veker sidan golingane sist hadde eit smittetilfelle. Men måndag fekk kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam eit nytt positivt svar på pulten sin.

– Testen vart tatt på grunn av symptom, og me fekk svar seint på kvelden. Me har ei viss kjensle av smittekjelda, som er utanfor kommunen, fortel han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den smitta har gjort alt rett, og halde seg i ro etter at vedkommande kjente symptom. Derfor er det heller ikkje mange som blir råka av tilfellet.

– Me meiner dette er godt avgrensa, og at det ikkje vil få store følgjer. Me har kome fram til tre nærkontaktar. Ein av desse er utanfor kommunen, seier Thurainayagam.

Nærkontaktane blir testa tysdag.

Også Hol har dei siste dagane fått nye tilfelle av koronasmitte. Det kan du lese meir om her.

Les også
To positive koronaprøver - truleg snakk om deltaviruset
Les også
— Endeleg er det politi i Ål også!
Les også
Det perfekte løpet