Det er god kapasitet på testing i Hallingdal.

Ein person koronasmitta i Gol - fekk symptom under arbeid

Ein arbeidar begynte å kjenne seg sjuk på ein jobbtur til Gol. Vedkommande er no bekrefta smitta av koronaviruset.

– Det er ein person frå ein annan stad, som har vore her i jobbsamanheng, seier kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam.

– Trur me kjenner kjelda

Tilfellet er det første i Gol på lange tider.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Prøva vart tatt onsdag fordi vedkommande hadde symptom, fortel Thurainayagam. Då svaret kom tilbake til legekontoret torsdag, var det altså positivt.

– Me trur me kjenner smittekjelda, den er utanfor kommunen. Ein person utanfor kommunen er sett i nærkontakt-karantene, seier kommuneoverlegen.

Reagerte raskt

Smittetilfellet har altså fått små konsekvensar i Gol. Den smitta er no i heimeisolasjon.

– At vedkommande reagerte så raskt og testa seg tidleg, har heilt klart hindra vidare spreiing av smitte. Me ventar ingen fleire følgjer av dette, seier Thurainayagam.

Å teste seg ved luftvegsymptom er framleis like viktig som tidlegare. Ifølgje kommuneoverlege i Hemsedal, Camilla Underland, er testkapasiteten i kommunane god - men folk må møte opp ved testsenteret.

– Folk er litt slappe med å teste seg når dei får symptom no. Det er viktig at ein gjer det, særleg sidan mange framleis ikkje er fullvaksinert. Samfunnet har opna såpass mykje opp no, at det er viktig at me får plukka opp dei tilfella me får av korona så raskt som mogleg, seier ho.

Les også
Blodig mann gjekk laus på hytte med øks
Les også
Opna kafe og båthamn på høgfjellet
Les også
Ein person skadd i MC-ulykke - skleid på grus