To positive koronaprøver - trur det er deltaviruset

Hol har dei siste dagane fått to tilfelle av koronasmitte. Kjelda er kjent, og kommuneoverlegen seier det er snakk om deltavarianten av viruset.

Det er ikkje så uventa - for eit par veker sidan sa Folkehelseinstituttet at delta no dominerer i Norge. Det betyr at det er denne varianten som oftast blir kjent ved nye smittetilfelle.

Tilreisande og lokal

I Hol har dei no fått to koronasmitta, uavhengig av kvarandre.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Den eine er tilreisande, den andre lokal. Men denne oppheld seg ein annan plass, seier kommuneoverlege Silje Koldal.

Ho fortel at dei har god kontroll på begge situasjonane, og at smittesporinga har vore avgrensa.

– Det får ingen lokale konsekvensar eller potensial for spreiing. Me har god kontroll, seier ho.

Trur det er delta

Vidare fortel Koldal at smittekjelda er frå ein plass der det er kjent smitte av deltavarianten av viruset. Derfor trur kommunen at det er snakk om denne også når det gjeld tilfella i Hol.

Delta var tidlegare kjent som den indiske varianten, og vart funne i India i desember. Utover våren og sommaren har den tatt meir og meir over i mange europeiske land, og i veke 28 vart den rekna som dominerande også i Norge.

Den er meir smittsam enn dei tidlegare variantane me har hatt. Men det er gjort kjent av Pfizer-vaksina, som er delt ut i Hallingdal, har god effekt også mot delta.

Tysdag vart det også kjent at ein person i Gol har testa positivt på korona.

Les også
— Endeleg er det politi i Ål også!
Les også
Sommarpraten: Vilde Skjøtskift
Les også
Hol stadion skal rustast opp