No er fem smitta i Nesbyen: – Me har jobba mykje med sporing

Dei to nye smittetilfella heng saman med dei tre som vart kjent onsdag.

– Me har jobba mykje med sporing i formiddag, seier kommuneoverlege Nils Høva til Hallingdølen fredag.

– Me kjem til å følgje opp og teste ein gjeng på måndag, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjente symptom

Dei tre som vart bekrefta positive onsdag, kom til testing etter at dei hadde kjent symptom. Det var kommuneoverlegen glad for at dei gjorde. Kommunen har jobba ein del med å få oversikt, og finne ut av omfanget av smittetilfella.

– Dei to som no er kjent, er frå same gruppe som dei tidlegare tre. Me har altså fått fem positive som er i same miljø. Dei to nye sat alt i karantene, fortel Høva.

Eit heilt firma

Det var testa 11 personar torsdag, som var definert som nærkontaktar og derfor også hamna i karantene. Dei som ikkje fekk positiv test, vil bli testa på nytt om ei veke for å sjå om dei framleis er negative.

Det har vore ein del testing i heile dalen denne veka, også i Nesbyen.

– Me har mellom anna testa eit heilt firma i Nesbyen i dag. Det har ikkje samanheng med smittesituasjonen me no har, det handlar om at enkelte i firmaet har blitt definert som nærkontakt med nokon som er smitta. Me ventar svar på desse testane fredag kveld eller laurdag morgon, fortel Høva.

15 smittetilfelle

Han har ei påminning til bedrifter i kommunen:

– Det er viktig at alle firma passar på at deira arbeidarar er vaksinert.

Tilfella i Nesbyen gjer at Hallingdal no er oppe i 15 smittetilfelle på under ei veke. To i Gol, åtte i Hol og fem Nesbyen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
No blir det «vaksine-bonanza» i Hallingdal: Fleire tusen dosar på veg
Les også
To nye tilfelle i Hol - no er åtte personar smitta
Les også
Kjøpesentersaka er avgjort: Høgsterett avviste Modalsli-anken