To nye tilfelle i Hol - åtte personar smitta hittil

Reisefølgjet som hadde med seg koronasmitte til Hol får stadig konsekvensar. Fredag vart to personar til bekrefta smitta av viruset.

Begge dei to nye er personar som alt var sett i karantene og definert som nærkontaktar. Dei var såleis ikkje uventa.

– Me meiner situasjonen no er ramma inn, seier kommunelege Helge Enerstvedt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sist helg kom eit reisefølgje til Hol frå utlandet. Tre av dei testa positivt for koronaviruset etter å ha kome fram. Dette har eskalert med fleire smitta, og talet er no oppe i åtte. Alle desse er knytt til reisefølgjet.

Onsdag fekk Dagali opplevelser beskjed om å stenge som følgje av smittesituasjonen.

– Eg er forferdeleg lei meg på vegner av alle kundane me no har måtte avlyse. Pengane får det berre vere med, men det er kjedeleg å avlyse for folk som hadde gledd seg til å kome hit, sa dagleg leiar Elisabeth Kristiansen til Hallingdølen torsdag.

Ho var budd på at dei kunne bli nøydd til å halde stengt nokre dagar framover. Kommunelege Enerstvedt seier at vedtaket om stenging står ved lag i alle fall gjennom helga.

– Ny vurdering vil bli gjort til veka, seier han.

Les også
Kjøpesentersaka er avgjort: Høgsterett avviste Modalsli-anken
Les også
Du er ikkje «trygg» sjølv om det er kvelden - det fekk to fartssyndarar merke
Les også
– Elektriske langdistansebussar er framtida