Kommmuneoverlege i Nesbyen, Nils Høva, dreiv smittesporing onsdag.

Tre smitta i Nesbyen: - Me veit ikkje heilt omfanget enno

Smittesporarane jobbar no med å nøste opp i tre ferske tilfelle av koronasmitte i Nesbyen.

Testane av dei tre vart tatt tysdag, svaret kom att positivt onsdag. Då Hallingdølen prata med kommuneoverlege Nils Høva ved 13-tida onsdag var smittesporarane i full gang med å kartlegge situasjonen.

– Me veit ikkje heilt omfanget enno. Me sporar opp nærkontaktar, og kjem nok til å teste folk enten i kveld eller torsdag, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei tre som er bekrefta sjuke, kom til testing då dei kjente symptom.

– Me er glade for at dei testa seg. Me vil nok ha meir oversikt over situasjonen før helga kjem, seier Høva.

Var budd på smitte

Som Hallingdølen har skrive tidlegare i sommar, er det ikkje lenger alle som har låg terskel for å teste seg når dei kjenner på luftvegsymptom. Men Høva og hans kolleger minner om at det framleis er viktig å prioritere ein test om ein kjenner seg sjuk.

– Folk har senka guarden litt no, og tenker ikkje så mykje på pandemien. Mange er mindre aktpågivande. Me ønsker at folk skal teste seg kjapt, seier han.

Kor mange som vil hamne i karantene og som må bu seg på testing hadde Høva ikkje oversikt over enno då Hallingdølen prata med han onsdag ettermiddag.

Les også
To nye smittetilfelle i Hol - sporar også smitta turistar på gjennomreise

Det var venta at sommaren ville bringe med seg meir smitte, etter ferien og lemping på tiltak. Slik vil det truleg bli ei stund utover, trur Høva.

– Utover hausten må me nok leve med litt smitte.

– Er det annleis å få smittetilfelle no, enn det var for til dømes eit halvt år sidan?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei fleste i risikogruppene er fullvaksinert no, og svært mange har fått første dose. Derfor er me litt mindre bekymra. Det er vaksine som er stikkordet her, seier Høva.

– Har du inntrykk av at folk tek lettare på situasjonen når dei er vaksinert?

– Frå myndigheitene er det lagt opp til at ein har større fridom når ein er vaksinert. Då er det kanskje lettare å gløyme seg litt bort. Men det er framleis viktig å vere nøye, særleg med hygienereglane, seier han.

Vaksine er viktigast

Smittetilfella i Nesbyen gjer at det har kome seks nye tilfelle i Hallingdal på berre nokre få døgn. Smittetalet veks også nasjonalt, men samtidig sa statsminister Erna Solberg og helseminister Bent Høie tysdag at me snart kan leve som før, utan tiltak. Dei seier som Høva, at stikkordet er vaksine.

– Hadde me hatt dei smittetala me ser no for eitt år sidan, hadde eg hatt pressekonferanse for lengst og sett i verk strenge restriksjonar, sa Høie til VG.

– Sjølv om smitta har auka kraftig dei siste vekene, har me ikkje kome med nye nasjonale tiltak. Nettopp fordi vaksineringa og belastinga for helsevesenet no betyr meir enn smitteutviklinga, seier helseministeren.

Les også
Gol vart råka av deltaviruset - ny person smitta
Les også
Her var det fullt av liv tidlegare: – Alle bustadområde med barn bør ha eit leikeområde
Les også
Klar for 16 mil på hesteryggen