Kø framfor koronatesting i Ål sundag, etter at det var påvist smitte blant ungdomsskuleelev.

Endå ein skuleklasse i karantene - har testa 40 personar i dag

Ein skuleklasse i Hol var på same leirskule som Ål-klassen som er råka av koronasmitte.

Klassen i Hol vart kalla inn til testing måndag morgon. Ifølgje kommuneoverlege Silje Koldal vart cirka 40 personar testa.

– Klassetrinnet er i ventekarantene til prøvesvara er klare, så får me sjå om dei blir definert som nærkontaktar etter det. Det skjer om nokon testar positivt, seier Koldal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Laurdag vart det kjent at ein skuleklasse i Ål var sett i karantene etter at kommunen hadde fått eit positivt svar på ein koronaprøve.

Køen var lang ved teststasjonen i Ål sundag, då elevane skulle testast. I etterkant vart to nye smittetilfelle oppdaga.

Les også
– Me har gode rutinar

– Me har ei ukjent smittekjelde. Men har elles oversikt over situasjonen, seier kommuneoverlege Toril Bøyum.

Dei to nye tilfella fekk nye konsekvensar. 12 personar til vart sett i karantene, og blir testa.

Totalt er 17 personar i Hallingdal dei siste ti dagane. Dei 17 smitta fordeler seg slik:

Gol: 8

Ål: 6

Hemsedal: 1

Artikkelen held fram under annonsen.

Hol: 2

Les også
– Folk bør vere meir uroa for at dei kan smitte naboen
Les også
Endå to personar smitta etter testing av heile klassetrinnet
Les også
Ein van for livet