Endå to personar smitta etter testing av heile klassetrinnet

Då Ål fekk eit positivt prøvesvar laurdag, vart eit heilt klassetrinn kalla inn til testing. No er ytterlegare to personar bekrefta smitta.

Heile 9. klasse ved Ål skule vart testa sundag.

Då testinga vart gjennomført, var det ein lang, lang kø med bilar som venta på tur ved teststasjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Fekk tre nye smittetilfelle: - Situasjonen er noko uoversiktleg

Smittetilfellet var det fjerde i Ål denne helga. Laurdag fekk kommunen tre positive prøvesvar, der alle dei tre tilfella var uavhengig av kvarandre.

17 personar vart sett i karantene, og testa. Kommuneoverlege Toril Bøyum kalla situasjonen «noko uoversiktleg». Laurdag fekk altså Ål eitt nytt tilfelle, med fleire og større konsekvensar. Sundag kom dei to siste, som gjer at kommunen er oppe i seks på få dagar.

Totalt er 17 personar i Hallingdal dei siste ti dagane. Dei 17 smitta fordeler seg slik:

Gol: 8

Ål: 6

Hemsedal: 1

Hol: 2

Gol har fått flest bekrefta tilfelle den siste veka. Dei siste tre kom laurdag. Alle desse var nærkontaktar til ein person som alt var smitta, og sat derfor i karantene.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ingen av dei tre hadde symptom då me testa, så me reknar med at dette stoppar der, seier kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam.

Les også
Fleire mindre branntilløp: - Me anbefaler ikkje å tenne opp bål no
Les også
Sluttar snart å vaksinere kvar veke: - Folk som ønsker vaksine, må bestille time