Illustrasjonsbilete.

Fleire nye smittetilfelle i Hol - kommunen sett i verk strenge tiltak

Utbrotet i Hol breier om seg. Så langt er ni personar bekrefta smitta. Sundag kveld kom kommunen med ei lang rekke strenge tiltak i eit forsøk på å hindre vidare spreiing.

– Smittekjelda er framleis ikkje kjent. Me har gjennomført 118 testar, og vil fortsetje i morgon. Ni personar er bekrefta positive, fortel ordførar Petter Rukke til Hallingdølen sundag kveld.

Gjennom ettermiddagen har han og resten av kriseleiinga i Hol jobba med kva for tiltak dei skal bruke for å prøve stoppe spreiinga av koronaviruset. No har dei lagt fram ei forskrift med ei lang rekke tiltak som vil gjelde fram til 3. januar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Her er dei lokale tiltaka Hol har landa på:

For lag, organisasjonar og private:

* Skulane stenger frå måndag.

* Det blir raudt nivå i barnehagane. Kva det betyr, kan du lese meir om på Utdanningsdirektoratet sine sider.

* Kyrkja innfører forsterka smittevern. Julevandring blir lov, med 30 i kvar gruppe.

* Frå nasjonalt hald er regelen i jula at ein kan samle 10 personar i private hus og på hytter to gonger gjennom høgtida. Dette blir ikkje lov i Hol. Her gjeld husstandsmedlemmar pluss maksimalt fem personar.

* Alle innandørs aktivitetar blir stoppa.

* Geilo Kino blir stengt.

* Bibliotek i kommunen blir stengt.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Det blir skjerpa besøkskontroll ved helseinstitusjonane og krav om bruk av smittevernutstyr for besøkande.

* Servicetorget og kommunehuset blir stengt for besøkande.

For næringslivet:

* Hotell og serveringsstader må verksette forsterka tiltak. Eigne dørvakter, munnbind, handsprit for alle og stopp i alkoholserveringa klokka 22.

* Butikkar må også ta i bruk forsterka tiltak. Avgrensa tal på kundar i butikkane, eigne dørvakter for daglegvare, Europris og sportsbutikkar. Andre butikkar skal ha skilt som seier noko om kor mange som kan vere i lokala på ein gong.

* Treningssenter og spa-avdelingar ved hotell må stenge.

* Ein-til-ein-behandlingar skal berre skje ved forsterka smittevern.

* Svømmehallar på hotella blir stengt for alle andre enn gjestane ved hotellet. Garderobane skal vere stengt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alle tiltak for private, lag og organisasjonar gjeld frå måndag 21. desember. Tiltaka for næringslivet gjeld frå tysdag 22. desember.

– Me har hatt ein god dialog med næringa og Visit Geilo, seier ordførar Rukke.

Uavklart tilfelle

Varsellampa begynte å blinke i Hol fredag kveld. Då fekk dei eitt positivt tilfelle av koronaviruset, og fleire nærkontaktar vart testa. Det breidde om seg, og i alt har 118 personar tatt koronatest i helga.

Les også
Påbod om munnbind i Hol etter smitteutbrotet - mange vil bli testa i dag

Mange har tatt hurtigtest, med ordinær test i tillegg. Nokon har berre tatt ordinær test. Det vil uansett kome mange prøvesvar i løpet av måndagen, men så langt er altså ni personar bekrefta sjuke.

Desse er i hovudsak kopla til Geilo-området, men eit slikt utbrot forgreinar seg fort til alle delar av kommunen.

Stor innsats

Det er fleire husstandar og arbeidsplassar som er råka. Den massive testinga gjer sjølvsagt at mange er sett i karantene.

– Det gjer det utfordrande, for me må gå i fleire retningar her. At me har testa så mange som me no har gjort, viser at det blir gjort eit godt smittesporingsarbeid. Dei som sitt med dette gjer ein kjempejobb, seier Rukke.

Jakta på å finne smittekjelda til det første tilfelle er ikkje over. Ifølgje Rukke går det framleis føre seg eit arbeid her for å finne ut kor smitta har kome frå.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
No blir du nøydd til å bruke munnbind i Gol også