Illustrasjonsfoto frå koronatesting. Her i Ål tidlegare i år då lege Jørn Ingve Tømmerstrand og sjukepleiar Marianne Fluto testa potensielle koronasmitta.

Påbod om munnbind i Hol etter smitteutbrotet - mange vil bli testa i dag

Det går føre seg ei massiv testing i Hol etter at i alt fem personar testa postivt for koronaviruset fredag og laurdag. No innfører kommunen påbod om munnbind.

Dette gjeld på stader der det ikkje er mogleg å halde ein meters avstand. Påbodet vil gjelde fram til 3. januar.

– Årsaka er smittesituasjonen i Hol, der smittekjelda ikkje er kjent. Me ønsker også å avgrense smittespreiinga i ein periode der me veit eit stort tal menneske vil opphalde seg i kommunen, seier kriseleiinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Munnbind er ikkje ei erstatning for andre smittevernsreglar, det er framleis like viktig å vere nøye med handhygiene og avstand til kvarandre.

Fem positive

Det første positive testsvaret i Hol kom fredag kveld.

– Me har testa fleire personar i dag ut frå den kartlegginga som vart gjort av nærkontaktar. Me har brukt hurtigtestar, og per klokka 15 laurdag har me fått fire nye positive tilfelle, sa kommuneoverlege i Hol, Geir Strømmen til Hallingdølen i går.

Det same talet vart rapportert frå Hol klokka 20 laurdag kveld.

Desse fem er ikkje i same husstand, og tilhøyrer ikkje same arbeidsplass. Det betyr at nærkontaktane totalt sett blir mange.

– Der me er i kartlegginga no så har me 60-70 potensielle nærkontaktar, seier Strømmen.

Testar dobbelt

Alle desse er no sett i karantene. Kommunen planlegg for mykje testing av folk, mange vart testa laurdag og mange fleire må ta prøva sundag.

– Kor sikre er desse hurtigtestane når dei gir positivt svar?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Når vedkommande har symptom og i tillegg gir ein positiv test, er me sikre. Det er i dei tilfella me får eit negativt svar me er meir usikre. Men me testar likevel ordinært i tillegg, seier Strømmen.

– Kva veit de om smittekjelda til det første tilfellet frå fredag kveld?

– Den er ikkje kjent.

Det vil bli hektisk testaktivitet på legesenteret på Geilo gjennom helga.

– Me går ut breitt, og med knyttneven. Me må vere føre var. Derfor testar me breitt, og slår til breitt, seier Strømmen.