Illustrasjonsbilete.

No blir du nøydd til å bruke munnbind i Gol også

Med bakgrunn i smittesituasjonen i Hol har Gol bestemt seg for å innføre påbod om munnbind. Dette vil gjelde frå midnatt måndag kveld.

Det vart avgjort av kriseleiinga i kommunen sundag.

Før helga var det berre Hemsedal som valde å innføre eit slikt påbod. Men laurdag vart det klart at det er ein uoversiktleg smittesituasjon i Hol, der smittekjelda enno ikkje er kjent.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Påbod om munnbind i Hol etter smitteutbrotet - mange vil bli testa i dag

Hol innførte påbod om munnbind laurdag. Sundag følgde Gol etter. Ikkje med umiddelbar verknad, men frå midnatt måndag kveld.

Påbodet i både Hemsedal, Gol og Hol gjeld på offentleg stad der det ikkje er mogleg å halde ein meter avstand til andre. Det er viktig å hugse at bruk av munnbind berre er eit tillegg til andre smitteverntiltak, som god handhygiene og generelt halde avstand til andre menneske.

Fleire nyheiter om koronaviruset? Sjekk vår samleside

Når ein kommune bestemmer seg for å innføre påbod om munnbind, betyr det at det rett og slett vil vere straffbart å ikkje bruke det på stader der det ikkje er ein meter mellom folk.

Les også
Innfører påbod om munnbind: – Alle kjenner på at det er meir folk her