Systrene Laila Bidne-Woll og Linda Bidne etterlyser fokus på psykisk helse etter «Hans».

Pårørande til flaumoffer: – Det er tungt å stå på sidelina når me ser den psykiske helsa ta knekken på våre næraste

Kor har fokuset på psykisk helse tatt vegen?, spør pårørande etter flaumen «Hans» sine herjingar i Nesbyen.

– Ja, me kallar oss sjølv og alle andre nære for pårørande. For det er tungt å stå på sidelina når me ser den psykiske helsa ta knekken på våre næraste, seier Linda Bidne og Laila Bidne-Woll.

Syskena har ei mor som fekk huset totalskadd under flaumen i august. For over to veker sidan sende dei eit brev til ordføraren i Nesbyen og stilte spørsmål rundt oppfølginga dei som er råka har fått.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei har ikkje fått svar.

Lyset forsvann

I brevet skildrar dei ei uroleg dame som mista alt ho eigde til ekstremvêret, men som etter kvart klarte å roe seg då gjenoppbygginga av huset starta.

Hallingdølen møter Linda og Laila utanfor huset til mor deira nedst på «Stripa». Der er det stillstand, noko det har vore sidan varselet om bygge- og deleforbodet kom i september.

– Ho såg for seg korleis framtida skulle bli, korleis ho skulle skape ein ny heim kor ungar og barnebarn kunne kome på besøk.

Men lyset i tunnelen forsvann, og då forslag om flaumvoll og byggeforbod kom, tok klumpen i magen igjen til å vekse.

Utanfor det flaumskadde huset til mor deira står Laila Binde-Woll (t.v.) saman med dottera Ingrid Inea og systera Linda Bidne.

– Vanskeleg å be om hjelp

149 huseigarar fekk i tida etter «Hans» melding om eit mogleg bygge- og deleforbod. Systrene meiner kommunen har eit ansvar ovanfor dei som har måtta lese lokalavisa for å vite kva kommunen vil gjera.

– Dette gjeld så mange fleire enn vår mor. Kor har fokuset på psykisk helse tatt vegen? Tenk på alle innbyggarar som no kanskje sit med vonde tankar. Det forferdelege som mange no har vore gjennom, og som framleis lever i uvissa etter å ha mista alt dei eig, står det i brevet.

Les også
Meiner kommunen går for fort fram: – Det er ingen vits i å laga ein flaumvoll viss Nesbyen døyr

Den seinaste beskjeden frå Nesbyen er at den eventuelle flaumvollen blir flytta nærare Rv7, og at talet på hus som framleis får byggeforbod er nede i 50.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kommunedirektøren seier det har vore råd å ta kontakt med helsepersonell under heile prosessen.

– Når ein er langt nede, er det vanskeleg å be om hjelp. Då står ein ikkje fremst i køen. No som det er redusert til rundt 50 hus, bør dei ta ein telefon, seier Linda.

I tillegg har mor deira prøvd å kontakte kommunen sjølv. Fyrst og fremst for å få informasjon om prosessen, og status på huset hennar.

– Men ho har ikkje fått svar, og heller ikkje blitt ringt opp att.

Bør ta ein telefon

For Laila Bidne-Woll og Linda Bidne er det tungt å stå på sidelina. Dei kan ikkje gi mor deira svara ho søkjer.

– Samtidig føler ein at det blir snakka over hovudet på dei ramma. Me har opplevd fleire gonger at infoen kjem fyrst i Hallingdølen.

Dei meiner kommunen burde tatt kontakt med dei råka og spurt om dei trong nokon å prate med.

– Det er ikkje synd på oss, men me har ikkje spisskompetanse til å hjelpe personar i ein slik situasjon som mamma, seier Laila Bidne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Gladmelding til flaumramma: No blir fleire hus friskmelde

Brevet med adresse til den ferske ordføraren, Anne-Kari Eriksen fekk som nemnt ikkje svar. Dei tok derfor kontakt med gruppeleiar i Arbeiderpartiet i Nesbyen, Adnan Helja.

– Han tok det opp i kommunestyret ved fyrste høve. Då føler ein seg i iallfall sett og høyrd, seier damene som ikkje vil skuve skulda over på politikarane.

– Men oppfølginga direkte med dei som er råka i Nesbyen står til stryk. Psykisk helse bør vera fyrste prioritet. Tenk på dei som ikkje har nokon rundt seg. Det burde vore sett saman eit team som tok folk i vare. Finst det ekstra ressursar bør det gå til dei som sit at utan ein stad å bu.

– Det er ikkje synd på oss, men me har ikkje spisskompetanse til å hjelpe personar i ein slik situasjon som mamma, seier Laila Bidne-Woll.

– Fjerne byggeforbodet

Systrene grunngir brevet dei sende med at dei til slutt ikkje lenger orka berre å stå å sjå på. Mor deira har aldri hatt flaumvatn lenger enn til trappa. Ho har ei kjensle av urett over å ikkje få lov å bestemme sjølv kva ho vil gjera med huset sitt.

I brevet etterlyser dei eit tilbod om nokon å prate med, og at informasjonen bør gå meir direkte til dei som er ramma.

– Ein kan også fjerne byggeforbodet for dei som faktisk ynskjer å byggje opp husa sine. Det er det ikkje alle som ynskjer, og ein kan jobbe med individuelle løysingar. Akkurat no kjennest det som eit forhasta vedtak. Dette er ein avgjerd dei skal leve med i lang tid, seier Laila Bidne-Woll og Linda Bidne.

Anne Kaeri Eriksen (Sp), ordførar i Nesbyen svarar på kritikken frå Laila Bidne-Woll og Linda Bidne.

– Må berre beklagar

Ordføraren i Nesbyen beklagar at flaumoffer ikkje har fått dei svara dei ynskjer. No lovar ho å ta grep.

– Eg må berre beklage at eg ikkje har fått svara på førespurnaden på mail. Eg skal ta ein telefon til ein av døtrene i kveld, skriv Anne Kari Eriksen i ein epost til Hallingdølen etter å ha fått lagt fram kritikken frå Laila Bidne-Woll og Linda Bidne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Blir enklare å følgje opp

Eriksen fortel ho er kjent med kva saka gjeld og at ho hadde ein samtale med flaumofferet før ho gjekk inn i rolla som ordførar i haust.

Ho seier Nesbyen hadde opne liner, men at få tok dei i bruk:

Les også
Meir enn to månader etter «Hans»: – For oss er det meir dramatisk enn nokon gong, det som skjer no

– Under flaumsituasjonen vart telefonnummeret til psykisk helse sendt ut til alle innbyggarane i kommunen. Denne var døgnbemanna i 14 dagar utan veldig mange førespurnader, seier Eriksen før ho refererer til det seinaste kommunestyret i Nesbyen.

Der sa kommunedirektøren at psykisk helse er tilgjengeleg og har ressursar.

– Då vart det også sagt frå kommunedirektøren at med den reduksjonen som no har skjedd, slik at det berre er rundt 50 husstandar å følgje opp, blir det enklare.

Det er ei veke sidan reduksjonen vart kjent, og kommunalsjefen for helse har informert Eriksen om at helsetenesta, i samarbeid med lege og sjukepleiar, dei neste dagane vil ta kontakt med dei som framleis er råka av varselet om byggje- og deleforbodet.

– Eg beklagar at ho ikkje har vorte ringt opp av kommunen.

Skal kommunisere betre

I framtida skal kommunen også sette fokus på betre kommunikasjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kommunedirektøren sa også at dei som varselet om bygge- og deleforbodet framleis gjeld for, vil bli kalla inn til eit møte som er berre for dei. Kommunen er innstilt på å få til betre kommunikasjon framover, seier Eriksen.

– Det er mange partar flaumoffera må halde seg til, og ansvaret til dei ulike etatane, deriblant kommunen, har truleg ikkje vore tydleg nok. Kommunedirektøren har alt stått fram og sagt at informasjonen ikkje har vore god nok, og det må me ta med oss i ei evaluering, avsluttar ordføraren.