Elevar kjem i koronaskvis

Fråværsgrensa kan føre til at elevane på vidaregåande kjem på skulen sjølv om dei har symptom på korona. No vil regjeringa vurdere regelverket på nytt etter tilråding frå Folkehelseinstituttet.

Det meiner både rektor og elevar på Ål vidaregåande skule er riktig. I dag gjeld det same regelverket som før korona. Har du meir enn 10 prosent udokumentert fråvær i eit fag, risikerer du å ikkje få ein standpunktkarakter.

– Skal me drive smittevern på ein seriøs måte, så må både tilsette og elevar må vera heime når dei har symptom, seier rektor Arnstein Sørbøen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ål vidaregåande skole. (Arkivfoto)
Les også
Rungande nei til nye fråværsreglar

Etterlyser ei avklaring

Sørbøen håpar regjeringa kan kome fram til noko som gjer det enklare for skulen å vurdere fråvær.

– Å føre fråvær som tidlegare gir nokre utfordringar rundt smitteverntiltak, fordi elevane skal ha låg terskel for å bli heime viss dei har symptom, seier Sørbøen. Han er samstundes oppteken av elevane sin progresjon, og seier skulen er plikta til å leggje til rette for opplegg i heimen. No håpar han at regjeringa kjem med avklaringar.

– Skal alt fråvær vere dokumentert med legeattest, eller blir det lagt opp til ein tillitsbasert løysing?, spør han. Sørbøen etterlyser rutinar som bygger opp under smittevern og den felles dugnaden alle gjer.

– Det gir liten meining viss fråværsgrensa slår beinkrok på smitteverntiltaka våre om å halde seg heime ved mistanke om sjukdom, seier han. Sørbøen legg til at det vil vere viktig å finne ein balanse som gjer at ikkje alle tilfelle av fråvær skal kunne dokumenterast som koronatiltak.

Rektor Ål vidaregåande skole, Arnstein Sørbøen (Arkivfoto)
Les også
Fryktar fleire elevar vil slutte

– Eit vanskeleg val

Elevane synst det er eit vanskeleg val å måtte ta slik regelverket er no. Bli heime og risikere for høgt fråvær - eller kome på skulen med potensiell smitte?

– Det er alt for lite med berre 10 prosent. I nokre fag betyr det at du berre kan vere borte i to dagar, men å få svar på ein koronatest kan ta fleire dagar, seier Majd Swid (24) på VG2 elektro.

– Kva veg tyngst? Smittevern eller fråvær?

– Smittevernet. Blir det eit utbrot så må skulen stenge uansett, og då går det utover læringa for alle saman, seier klassekameraten Martin Flåten (16). Dei meiner at det å skaffe seg ei legeerklæring for luftvegssymptom blir for omfattande slik situasjonen er no.

Artikkelen held fram under annonsen.

Elevane ved Ål synest det er eit vanskeleg dilemma. Å bli heime med symptom men risikere for høgt fråvær? Eller kome på skulen med potensiell smitte? F.v.: Majd Swid (24) og Martin Flåten (16) frå VG2 elektro.
Les også
Frisk skuledebatt

Foreslår dokumentasjon frå foreldre

På VG2 helsefagarbeidar er elevane glad for at regjeringa vurderer regelverket på nytt.

– No risikerer du å kome på skulen med symptom fordi du ikkje vil gå over 10 prosent. Det er eit stort dilemma, seier Heidi Strendo Leikvold (17). Thea Tveito Røe (17) legg til at det er vanskeleg å kome seg til lege for å få gyldig dokumentasjon i desse dagar.

– Å kome over fråværsgrensa kan øydelegge mykje for utdanninga vår, seier Røe.

– Det burde heller vere slik at foreldre eller verje kan dokumentere at eleven har symptom, meiner Tonje Nybråten (17). Ho foreslår at skulen kan legge til rette for elevar med koronamistanke ved å gi oppgåver dei kan jobbe med heimanfrå.

– Regelen kan skape eit stort press på elevar som allereie har sjukefråvær. Viss dei kjem på skulen med symptom, risikerer dei å smitte mange. Og det er ikkje ein ønskeleg situasjon, heldt Nybråten fram.

Frå venstre: Heidi Skrendo Leikvold (17), Thea Tveito Røe (17) og Tonje Nybråten (17) ved VG2 helsefagarbeider.
Elevane ved Ål VGS synst det er eit vanskeleg dilemma. Å bli heime med symptom men risikere for høgt fråvær? Eller kome på skulen med potensiell smitte? F.v.: Majd Swid og Martin Flåten.
Les også
– Mykje har kome seinare enn vanleg
Les også
Skulestart på «gult farenivå»
Les også
– Har vore vanskeleg å forstå