Otilie Røer Tvedt og Iren Grue meiner dei nye fråværsreglane er ein dårleg idé. Det vil føre til at endå fleire droppar ut frå vidaregåande skule, trur dei.
Otilie Røer Tvedt og Iren Grue meiner dei nye fråværsreglane er ein dårleg idé. Det vil føre til at endå fleire droppar ut frå vidaregåande skule, trur dei.

Fryktar fleire elevar vil slutte

Strengare reglar for fråvær i vidaregåande skule kan føre til at fleire elevar ikkje får karakterar. – Uklokt, seier ungdomspolitikarar i Hallingdal.

Dersom fråværet ditt er høgare enn 10 prosent i eit fag frå hausten av, risikerer du å ikkje få karakter. Regjeringa vil ta dei som skulkar. Målet er å minske fråfallet i skulen.

Elevane Hallingdølen har snakka med trur innskjerpinga vil få uheldige konsekvensar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– At det er behov for å stramme opp enkelte betyr ikkje at ein skal redusere fridommen til alle, seier Otilie Røer Tvedt.

– Dei unge opplever stort press

Ho går første året med studiespesialisering på Gol vidaregåande skule. Samstundes har ho leiarverv i Ål ungdomsråd. Onsdagens rådsmøte i heimkommunen førte åleine til fråvær på tre timar.

Rett nok vil du behalde karakteren dersom du kan dokumentere gyldig fråvær, men kva som er gyldig kan bli eit definisjonsspørsmål.

Dersom ein er sengeliggande utan legeerklæring eller tek køyretimar vil ein lett få problem, særleg i fag med få timar.

– Mange unge opplever eit stort press for å prestere. Dei som alt i dag er i ferd med å ramle ut av skulen vil med dette falle heilt ut, seier Iren Grue. Ho går yrkesfag, barne- og ungdomsarbeidar, på Ål vidaregåande skole.

– Tvang er ikkje løysinga

Begge fortel at sosial angst, psykiske vanskar og depresjonar er relativt utbreidd blant dagens unge, sjølv om det kanskje ikkje er medisinsk dokumentert.

Det finst likevel rapportar som stadfestar trenden nasjonalt, og i tillegg er mørketala truleg store. Psykiske lidingar er tabu. Å få diagnostisert det hos ein lege kan sitje langt inne.

Ein fridag i ny og ne blir gjerne sett på som ein betre medisin.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men er ikkje det skulk?

– Det er ikkje greitt å skulke, men det kan vere mange årsaker til at elevar ikkje møter til timen, seier Røer Tvedt.

– Tvang er ikkje løysinga. Ein må heller finne andre måtar å få elevane til å møte opp på, seier Grue.

Drop-outs og push-out

Ho foreslår betre tilrettelegging i staden for bruk av pisk.

– Ved høgt fråvær bør ein heller få samtalar og tilrettelegging enn å risikere karakteren.

– Det er alt eit problem med at for mange sluttar, men dette vil gi ein dytt ut-effekt. Du får fleire av dei som ikkje føler seg heime i skulen. Det vil bli endå færre som fullfører vidaregåande når dei mistar karakterar, seier Røer Tvedt.

– Hos oss vil folk få problem med å få lærlingplass, dersom dei går glipp av karakteren i eit programfag, seier Grue.

Berre halvparten fullfører på tre år

I 2014 var det berre kring 57 prosent av landets elevar i vidaregåande skule som fullførte i løpet av normert tid, altså tre år (SSB/Kostra). Resultatet blir litt betre dersom ein gir elevane fem år på å fullføre. Då kjem me opp i 71 prosent, altså sju av ti elevar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva seier elevane om nye fråværsreglar?

– Det verkar som mange ikkje veit så mykje om det, men det er jo me som burde vore høyrde, seier Røer Tvedt.

Oppmoda om å snu

Dei er kanskje høyrde, men ikkje lytta til. Endringane i paragraf 3–3 i opplæringslova vil tre i kraft frå 1. august.

Elevorganisasjonar har bede kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) om å snu. Lokalt har det knapt vore løfta fram som tema enno. Hallingdal ungdomsråd har ikkje drøfta det, men i skulegarden har det starta å murre.

– Det har ikkje vore drøfta i rådet før, men det blir snakka om blant elevane. Folk likar det dårleg, seier Tonje Lauvdokken Hagen, leiar i Hallingdal ungdomsråd.

Mest truleg blir det tema i komande møte måndag.

* Regjeringa innfører fråværsgrense på 10 prosent i fag på vidaregåande skule frå skuleåret 2016–2017.

* Elevar som har meir enn 10 prosent fråvær i eitt fag, vil ikkje få karakter i faget, med mindre eleven kan dokumentere at fråværet er gyldig.

* Kva som er gyldig er eksemplifisert som helse- og velferdsgrunnar, arbeid som tillitsvalt, politisk arbeid, representasjon i arrangement på nasjonalt eller internasjonalt nivå, religiøse høgtider m.m.