Guro Laa (f.v.), i Elevorganisasjonen og går i første klasse ved musikk, dans og drama og Silje Magnetun, går i andre klasse studiespesialiserande ved Gol vidaregåande skule.
Guro Laa (f.v.), i Elevorganisasjonen og går i første klasse ved musikk, dans og drama og Silje Magnetun, går i andre klasse studiespesialiserande ved Gol vidaregåande skule.

Rungande nei til nye fråværsreglar

– Me er generasjon prestasjon, og treng ikkje ein kunnskapsminister som aukar presset endå meir.

Det seier Guro Laa, i Elevorganisasjonen og som går første året på musikk, dans og drama på Gol vidaregåande skule, under sin appell på skuleplassen onsdag.

Stort engasjement

Over 250 elevar hadde funne vegen til plassen utanfor Gol samfunnshus klokka 12 onsdag for å streike mot dei nye fråværsreglane som gjeld frå 1. august. Elevane var både frå Ål vgs., Gol vgs. og frå 10. klasse på Gol ungdomsskule. Resten av skuledagen skulle dei med andre ord ikkje vera på skulen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klapp og jubel

Det er Elevorganisasjonen som har bede regjeringa snu og som har teke initiativ til streiken, medan dei lokale elevråda følger opp.

– Det er eit latterleg høgt krav til å dokumentere fråvær. Det største problemet er elevar som slit. Ein kan vera ein femmar-elev, men framleis slite meg angst. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) bør sjå på kva som aukar motivasjonen på skulen, i staden for å auke presse enda meir. Me seier nei til fråværsgrensa, sa Laa og hausta både klapp og jubel.

Dropout-garanti

Fleire hadde teikna seg på talarlista. Elevrådsmedlemene Otilie Røer Tvedt og Markella Assimakis ved Gol vgs. seier dei er for ein skule der elevar føler fridom og meistring.

Guro Laa, i Elevorganisasjonen og elev ved Gol vgs., held appell om kva dei nye fråværsreglane vil innebere for elevar.
Guro Laa, i Elevorganisasjonen og elev ved Gol vgs., held appell om kva dei nye fråværsreglane vil innebere for elevar.
Over 250 hadde møtt opp på Golv vidaregåande skule for å syne kva dei meiner om dei nye fråværsreglane frå regjeringa.
Over 250 hadde møtt opp på Golv vidaregåande skule for å syne kva dei meiner om dei nye fråværsreglane frå regjeringa.
Guttorm Spillum studieinspektør ved Gol vgs.
Guttorm Spillum studieinspektør ved Gol vgs.
Tore Haraldset, ordførar i Nes, Solveig Vestenfor, ordførar i Ål og Heidi Granli, ordførar i Gol (ikkje på biletet) rosar engasjementet til elevane ved dei ulike skulane.
Tore Haraldset, ordførar i Nes, Solveig Vestenfor, ordførar i Ål og Heidi Granli, ordførar i Gol (ikkje på biletet) rosar engasjementet til elevane ved dei ulike skulane.
Betina Gullhagen og Mathias Lundahl, ved Gol vgs. tykkjer det er bra så mange møter opp for å seie si meining.
Betina Gullhagen og Mathias Lundahl, ved Gol vgs. tykkjer det er bra så mange møter opp for å seie si meining.
Nokon berre gjekk heim.
Nokon berre gjekk heim.

– Skulk er eit problem, men med denne løysinga får du ein dropout-garanti. Du finn ikkje løysinga på eit kontor i Oslo. Det er ein grunn til at me ikkje møter opp på skulen. Den må ein ta tak i for å motivere, seier dei.

Chrisander Ålien, nestleiar i elevrådet, seier han tykkjer karaktersettinga bør vera basert på faglege resultat, ikkje fråværet.

– Skal me renne ned legekontoret for kvar minste ting slik at me sikrar oss gyldig fråvær? Likevel er eg mest bekymra for at dei nye reglane skyv bort elevar som har det vondt, sa han til forsamlinga.

Fremst i folkemengda stod Betina Gullhagen og Mathias Lundahl, som begge går andre klasse studieførebuande. Dei tykkjer det er bra så mange stiller opp og at det no er på høg tid dei vaksne får opp auga og tek ungdommane på alvor.

– Som i gamle dagar

Ordet vart også gitt til Guttorm Spillum, studieinspektør ved Gol vgs., som tydelegvis hadde erta på seg nokre av elevane tidlegare. Han er glad og stolt over engasjementet han ser på skuleplassen, likevel tykkjer han det er sunt å ha nokre krav på skulen. I tillegg legg han til at det er mange unntak for å få gyldig fråvær i rundskrivet om dei nye reglane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette minner om gamle dagar då Elevorgansiasjonen stod på krava. Det er saklege og fine innlegg, sjølv om innhaldet kan diskuterast. Eg trur me vil finne løysingar for dei som har problem og slit. Kanskje er dei nye reglane også med på at fleire oppsøker hjelpesystemet, sa Spillum.

– Må inn i problematikken

Ordførarane i Ål, Gol og Nes var også å finne ute på plassen. Engasjementet dei i mellom var det heller ikkje noko å seie på. Dei rosar også innsatsen til elevane.

– Dette verkar rart på meg, her må nok regjeringa gjera grundigare research. Ta dei som er aktive i organisasjonar og har leiarverv, etter ti timar med fråvær er det stopp om dei skal ha karakter. Det er ikkje måten å utvikle samfunnsengasjert ungdom på, seier Solveig Vestenfor (Ap), ordførar i Ål.

Både Vestenfor, Heidi Granli (Ap), ordførar i Gol og Tore Haraldset (Bygdelista), ordførar i Nes, likar ikkje måten regjeringa har kome fram til dei nye reglane.

– Må inn i skulkeproblematikken, diskutere med elevane og finne ut kva som er problemet, seier Granli.

– Eg trur dei nye reglane lett kan slå ut negativt for elevane, seier Haraldset, og humrar at her var dei faktisk skjønt einige alle tre ordførarane.

* Regjeringa innfører fråværsgrense på 10 prosent på vidaregåande skule frå skuleåret 2016–2017.

* Elevar som har meir enn 10 prosent fråvær i eitt fag, vil ikkje få karakter i faget, med mindre eleven kan dokumentere at fråværet er gyldig.

* Gyldig fråvær er t.d. helse- og velferdsgrunnar, arbeid som tillitsvalt, politisk arbeid, representasjon i arrangement på nasjonalt eller internasjonalt nivå, religiøse høgtider m.m.