Margit Fausko frå Hemsedal representerte MDG under skuledebatten og stod på hendene for å vise at klimapoltikken blir snudd opp ned dersom dei grøne får makta.
Margit Fausko frå Hemsedal representerte MDG under skuledebatten og stod på hendene for å vise at klimapoltikken blir snudd opp ned dersom dei grøne får makta.

Frisk skuledebatt

Stemninga steig under sluttappellane. Margit Fausko (MDG) stod på hendene for å demonstrere korleis klimapoltikken endrar seg med grønt skifte. Representantane for Ap og Sp framførte sine appellar med song.

Kulturhuset i Ål var fylt med elevar frå Ål vidaregåande skole dei to fyrste skuletimane fredag. Då stod skulebatt på timeplanen. Etterpå reiste ungdomspolitikarane frå dei ni partia til Gol vgs. for å halde fram diskusjonen der.

Variert og engasjerande

– Eg er ikkje interessert i politikk. Så dette blir to kjedelege timar, sa sidemannen til Hallingdølen før debatten starta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det vart nok ikkje så kjedeleg som sidemannen frykta. Fleire gonger applauderte han innlegga.

Lærlingplassar for alle, satsing på samferdsel, fråværsgrense og eksamensordninga i vidaregåande skule, og distriktspolitikk som skapar levande bygder var tema som engasjerte mest og hausta størst applaus. Også klima, skule, helse og skatt stod på dagsorden.

Klart og tydeleg

Det var tydeleg at ungdomspolitikarane har lært leksa av rikspolitikarane. Dei velkjende argumenta og tradisjonelle skiljelinjene mellom blå, raud og grøn politikk gjekk att i debatten. Innlegg frå alle kantar i panelet var krydra med kritiske spark til hovudmotstandarane. Men dei etablerte politikarane har også noko å lære. Ungdomspolitikarane brukar eit klart og direkte språk som alle forstår. Dei pakkar ikkje argumenta inn i lange og innfløkte utgreiingar der mange dett av lasset og mistar tråden og interessa.

Ni ungdomspolitikarar sat i panelet under skuledebatten for Ål vgs. F.v. Inga Stoveland Dekko (SV), Ål, Margit Fausko (MDG), Hemsedal, Karine Skoglund (KrF), Nedre Eiker, Liv Mamen Øverby (Raudt), Drammen, Magnus Weggesrud (Sp), Eggedal, debattleiarane Terje Danielsen og Tore Arnegard, Bendik Thun (Ap), Drammen og Victoria Elisabeth Cavallini Fevik, Drammen.

Tara-Michelle Tufto frå Hol var ei av to som stilte spørsmål frå salen.
Tara-Michelle Tufto frå Hol var ei av to som stilte spørsmål frå salen.
MDG-politikar Margit Fausko i diskusjon med f.v. Ådne Viljugrein, Hemsedal, Magnus Thun, Drammen, Gjermund Halland, Dagali, og Vetle Carlsen, Hemsedal, etter debatten.
MDG-politikar Margit Fausko i diskusjon med f.v. Ådne Viljugrein, Hemsedal, Magnus Thun, Drammen, Gjermund Halland, Dagali, og Vetle Carlsen, Hemsedal, etter debatten.
Inga Stoveland Dekko (SV) var ein av to hallingar i panelet.
Inga Stoveland Dekko (SV) var ein av to hallingar i panelet.

Friske appellar

Friske og originale sluttappellar skapte størst begeistring i salen under skuledebatten. Margit Fausko frå Hemsedal var MDG sin representant i panelet. Ho avslutta sin appell med å stå på hendene for å demonstrere at klimapolitikken blir snudd opp-ned dersom dei grøne kjem til makta.

Bendik Thun (Ap) og Magnus Weggesrud (Sp) følgde opp med å framføre sine appellar med song om kor bra det blir dersom dei kjem til makta.

Victoria Elisabeth Carvallini Fevik, Drammen (H): 

Alle skal ha rett til lærlingplass rett etter ungdomsskulen.

Fredrik Aalien, Eggedal (Frp): 

Me er best på samferdsel, innvandring, helse og eldreomsorg.

Timo Nikolaisen, Sigdal (V):

Det skal vera kult og miljøvennleg å bu i sterke distrikt, ikkje berre traust.

Bendik Thun, Drammen (Ap):

Regjeringa har svart belte i løftebrot. Ap er hjartet i politikken, Frp/H er blindtarmen.

Magnus Weggesrud, Eggedal (Sp):

Me må ha levande bygder og praktiske arbeidsplassar så me får lyst til å flytte heim. Reformene må skrotast.

Liv Manen Øverby, Drammen (Raudt):

Me vil ikkje at pengefolk skal styre landet. Me vil fjerne fråværsgrensa, eksamen og puggeskulen.

Karine Skoglund, Nedre Eiker (KrF):

Komande generasjonar er ikkje like heldige som oss. Det er naivt å tru at olja varar evig.

Margit Fausko, Hemsedal (MDG):

Ta vare på framtida og heile landet i bruk til matproduksjon. Me treng ny global klimapolitikk.

Inga Stoveland Dekko, Ål (SV):

Me må lovfeste lærlingplassar og fjerne tung teori som ein ikkje har bruk for. Me treng eit varmare samfunn.