Leiteaksjon: Mannskap frå Røde Kors Hjelpekorps Einar Haraldset i Ål. Søket starta i sentrumsområdet før dei etter kvart utvida området.

Einar (59) er framleis sakna: – Den eine hypotesen er ikkje sterkare enn den andre

Ei veke har gått sidan søket etter Einar Haraldset frå Ål starta. Framleis veit ingen kor han er, og sjølv om det ikkje kjem mange tips i saka har ikkje politiet gitt opp å finne han.

– Me har nokon tips me ynskjer å sjekke ut, og tek alt som kjem inn på alvor. Det er ingenting som er for smått kva gjeld informasjon til oss i denne saka, seier politistasjonssjef i midtre Hallingdal, Brit Fyksen.

– De har jobba ut ifrå ulike hypotesar. Både at han er i området rundt Sundre i Ål, eller at han ikkje er i bygda. Har det endra seg i helga?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Hypotesane står seg framleis og oppgåva vår er å avkrefte eller bekrefte dei. Så er det klart at tida går, men den eine hypotesen er ikkje sterkare enn den andre.

Les også
Ber publikum halde auga opne etter Einar (59): – Ynskjer at folk også sjekkar plassar der det ikkje er naturleg å opphalde seg
Søket etter Einar Haraldset har gått føre seg ei veke. Har du tips, ring politiet på 08200.

– Kan publikum gjera noko?

– Dei kan søkje. Rundt sine eigne eigedommar kan alle framleis leite godt, seier Fyksen.

– Kva gjer politiet?

– Me har tett oppfølging med dei pårørande. Og kjem det tips sjekkar me dei ut. Det kan vera spor eller anna info i saka. Me er veldig takknemlege for dei tipsa som har kome, og etterforskinga held fram.

– Når er siste observasjon av Haraldset?

– Me opererer med onsdag som utgangspunkt, men den siste observasjonen me har på han er frå natt til torsdag. Har nokon sett han etter dette er det veldig viktig at me får denne informasjonen, seier Fyksen.

Ho minner om politiets telefonnummer 02800.

Artikkelen held fram under annonsen.

politistasjonssjef i midtre Hallingdal, Britt Fyksen.
Les også
Søket etter Einar (59): Ber folk og bedrifter sjekke overvakingskamera
Les også
Store mannskap leitar etter Einar (59) - politiet ber om tips