Mannskap frå Røde Kors Hjelpekorps har i natt søkt etter ein sakna mann i Ål. Søket starta i sentrumsområdet og har etter kvart utvida området. I morgontimane dreiv Helene Rust og Magnus Hjelmsø søk i Gullhagen-området, aust for sentrum.

Store mannskap leitar etter Einar (59) - politiet ber om tips

Politiet starta seint måndag kveld leiting etter ein 59 år gammal mann som er sakna i Ål.

Mannen har blitt borte i tida mellom natt til torsdag og sundag ettermiddag.

– Me fekk varsel frå nokon som begynte å lure på kor han var i løpet av sundagen. Opplysningar som kom fram etter kvart gjorde at bekymringsnivået har auka, seier operasjonsleiar i politiet, Roger Aaser.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tysdag føremiddag har politiet i samråd med familien bestemt å gå ut med namnet på den saka. Det er Einar Haraldset (59) mannskapa leitar etter.

– Me manglar spor å gå etter. Derfor meiner me det er nyttig å gå ut med namnet på den sakna, seier politikontakt og pårørandekontakt Pål Kasper Mikkelrud.

Ta kontakt med politiet på tlf 02800 viss du har tips i saka.

Leiar i hjelpekorpsdistriktet Buskerud og korpsleiar i Ål Røde Kors, Bjørn Fluto. (Arkivfoto)

Bjørn Fluto i Ål Røde Kors Hjelpekorps fortel at dei har hatt mannskap i søk gjennom heile natta.

– Det har vore 16 frå Røde Kors Hjelpekorps i natt. I tillegg har det vore to eller tre hundeekvipasjar frå Norske Redningshunder. Det er full innsats. Akkurat no har me tolv personar i aktivt søk, men me er i ferd med å byte mannskap og hente inn friske krefter, seier Fluto. Han fortel at søket starta i sentrumsområdet, og har jobba seg utover. Dei har gått gatelangs gjennom byggefelta, men også søkt ute i terrenget.

Den sakna mannen er 185 centimeter høg, slank, har svart/grått hår med krøller og har kanskje på seg lue. Utover dette har ikkje politiet opplysningar om kva klede mannen hadde på seg då han forsvann.

Helene Rust og Magnus Hjelmsø har vore med på leiteaksjonen gjennom heile natta. Her er dei på veg ut for å søkje ein teig ved Gullhagen, aust for sentrum.

Etter at leiteaksjonen var starta fortel politiet at dei konsentrerer søket til sentrumsområdet.

– Me bytter mannskap no på morgonen, så held søket fram. Me har ein del att å jobbe med før me eventuelt begynner å tenke nytt. Me har att fleire område me må søke gjennom, seier Aaser.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er frivillige frå FORF (Frivillige organisasjonars redningsfaglege forum) med i søket. Aaser hadde tysdag morgon ikkje oversikt over kor mange personar som hadde vore involvert i løpet av natta.

– Kan den sakna rett og slett ha reist frå Ål?

– Det er absolutt ei moglegheit. Men i så fall er han ikkje i fare. Me må søke ut frå der det er mest fare for liv og helse, og det er om han er ute i terrenget, seier Aaser.

– Etterforskingssporet går parallelt med at søket held på.

Hallingdølen oppdaterer saka

Les også
Bilførar ankar etter dødsulykke: – For streng straff
Les også
Startar lokalt demenskor: – Fleire har dytta på for at me skal prøve
Les også
Ny kjøpar får nei til å drive dette gamle bruket - omsyn til landbruk veg tungt