Biletet syner mannskap frå Røde Kors Hjelpekorps i den første fasen av leitinga etter Einar Haraldset, måndag.

Ber publikum halde auga opne etter Einar (59): – Ynskjer at folk også sjekkar plassar der det ikkje er naturleg å opphalde seg

Politiet ynskjer framleis tips og innspel frå publikum i saka om den sakna Einar Haraldset (59) frå Ål. Samtidig ber dei folk ta ein ekstra sjekk på sine eigedommar.

Haraldset vart sist observert natt til førre torsdag. Politiet ber folk halde fram med å tipse.

– Me ynskjer å seie ganske direkte til folk i Ål og nabokommunane at dei sjekkar godt på sine eigedommar. Hytter, uthus, skjul og garasjar er stader me vil at folk tek ein sjekk, seier politistasjonssjef i midtre Hallingdal, Britt Fyksen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Einar Haraldset vart sist sett natt til torsdag. Politiet ynskjer framleis tips frå publikum.

Politiet har alt fått inn mange tips i saka og jobbar no med å laga ei tidsrekkefølge for bevegelsar og observasjonar.

– Derfor treng me fleire tips. Ring 02800 for å koma i kontakt med politiet om alle observasjonar eller info om den sakna, etter onsdag sist veke. Alt er av interesse, sjølv det ein trur ikkje er relevant for oss, seier Fyksen.

Les også
Søket etter Einar (59): Ber folk og bedrifter sjekke overvakingskamera

– Korleis jobbar politiet no?

– Ut frå fleire alternative hypotesar. Me ynskjer at folk også sjekkar nøye stader det ikkje er naturleg at nokon vil opphalde seg. Det operativt søket er avslutta, men saka er prioritert. Me hentar tekniske spor, informasjon og video.

Les også
Ingen planar om nytt søk i dag – avhengig av innspel frå publikum for å halde fram

Fyksen seier opptak frå overvakingskamera også er av stor interesse.

– Alt som kan gi svar eller informasjon er me veldig interessert i.

– Er det håp om å finne den sakna i live?

– Det er utgangspunktet i leitinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Er ein hypotese at noko kriminelt har skjedd?

– Det er det ingen opplysningar som tilseier.

Les også
Store mannskap leitar etter Einar (59) - politiet ber om tips

Ål er utgangspunktet til politiet, då det er siste observasjon, men Fyksen er tydeleg på at det ikkje må avgrense søket.

– Sjølv om Ål er eit utgangspunkt, må ikkje det avgrense folk i nabokommunar i å vera med å leite.

Ring 02800 for å koma i kontakt med politiet om alle observasjonar eller info om den sakna, etter onsdag sist veke. Alt er av interesse, sjølv det ein trur ikkje er relevant for oss, seier politistasjonssjef Brit Fyksen.
Les også
Øydela midtdelar og stakk frå staden
Les også
17 bøter og eit beslag i løpet av ettermiddagen
Les også
Slava Ukraini!