Tom Richard Jansen er politiet sin innsatsleiar i leiteaksjonen etter den sakna, Einar Haraldset (59).

Ingen planar om nytt søk i dag – avhengig av innspel frå publikum for å halde fram

I halvanna døgn har mannskapa leita etter ein sakna mann i Ål. No trengst det tips frå publikum for å halde søket i gang.

– Me vil ta ei ny vurdering utover dagen, saman med hovudredningssentralen, om me skal sette inn søk fleire plassar. Det er førebels lite å gå på, seier operasjonsleiar Tommy Eriksen til Hallingdølen rett før klokka 08 onsdag morgon.

– Me har ingen nye område å søke i akkurat no, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Store mannskap leitar etter Einar (59) - politiet ber om tips

Det har kome ein del tips som politiet har følgt opp, førebels utan noko resultat. No håpar dei på fleire.

Ta kontakt med politiet på tlf. 02800 viss du har observasjonar eller tips som er relevante for saka.

– Det er viktig at me får inn fleire tips, slik at me har meir å gå på, seier Eriksen.

Utover onsdagen kjem etterforskinga til å gå føre seg med full styrke. Blant anna har politiet sikra videobilete frå enkelte stader.

Avsluttar søket

Både politi og frivillige ressursar vart måndag sett inn i søket etter ein sakna mann i Ål. Leiteaksjonen starta seint måndag kveld og var i aktivitet gjennom heile natta.

Les også
Ti hundar har delteke i leitinga: – Utfordringa har vore at det er mykje snø

Rett etter klokka 20.30 tysdag kveld melde politiet at dei avslutta søket.

Innsatsleiar Tom Richard Jansen har hatt 50 mannskap frå Røde Kors i sving, samt 10-12 ekvipasjar frå Norske Redningshundar, i tillegg til politi og drone-mannskap.

– Det er lagt ned eit omfattande arbeid, fortalde han tysdag kveld.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei siste av mannskapa er på veg inn på snøskuter no, sa Jansen, rett før klokka 20.45. Tysdag var det søk på åsen på begge sider, med utgangspunkt frå Ål sentrum.

– Det blir ikkje aktivt søk i natt. No har folk vore ute lenge. Mannskapa treng å få kvile litt. Me sender dei heim, fortalde han.

Følgjer opp tips frå publikum

– Me veit ikkje kva som har skjedd. Og derfor går me også breitt ut. Me jobbar parallelt med leiteaksjon og etterforsking, seier operasjonsleiar Roger Aaser ved Sør-Øst politidistrikt.

– Politiet har bedt om tips frå publikum. Kva kan du fortelje om det?

– Me har fått inn ein del tips i løpet av dagen. Politiet jobbar fortløpande med å følgje opp dei tipsa som har kome inn. Ein del tips er alt sjekka ut, men det er også tips som så langt ikkje har blitt følgd opp, seier Aaser.

Klokka 16.25 tysdag sende politiet SMS til folk, der dei ber om tips viss nokon har informasjon om den sakna. Politiet skriv at det også kan vere at 59-åringen er andre stader i Hallingdal.

Tips og observasjonar

I samråd med familien, gjekk politiet tysdag føremiddag ut med namn på den sakna.

Det er den 59 år gamle Einar Haraldset som er forsvunne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter at politiet gjekk ut med namn, har det kome inn ein del tips og observasjonar. Politioverbetjent Odd Halvard Seterdal fortel at dei så langt har fått inn 10-15 telefonar frå folk som har sett han den siste tida.

– Det er viktig for at me kan kartleggje kor han har vore, seier Seterdal.

Innsatsleiar Jansen fortalde om korleis søket hadde gått føre seg tysdag.

– Det starta i nærområdet, med ein radius på omkring 300 meter frå der han bur. Etter kvart har me jobba oss gradvis utover i eit større område.

Innsatsleiar Tom Richard Jansen i politiet styrer leiteaksjonen etter den sakna mannen i Ål. Aksjonen blir leia frå lokala til Røde Kors Hjelpekorps i Ål.

Få digitale spor

– Har politiet sjekka mobiltrafikk og andre digitale spor?

– Det er ein naturleg del av etterforskinga. Me jobbar også med å kartleggje nettverka han har, for å få inn meir informasjon, seier Jansen.

Les også
Store mannskap leitar etter Einar (59) - politiet ber om tips

Politioverbetjent Odd Halvard Seterdal fortel at dei har få digitale spor å gå etter.

– Det har ikkje vore aktivitet på bankkontoen dei siste dagane. Alt tyder på at han er ein «kontanttype» som samtidig er lite aktiv på sosiale media. Han er ikkje ein som legg etter seg mange digitale spor, seier Seterdal. Sidan det er så få digitale spor, er politiet avhengig av tips frå publikum.

Artikkelen held fram under annonsen.

To hypotesar

Seterdal fortel at politiet jobbar parallelt med to hypotesar.

– Ei hypotese er at han er i nærområdet. Derfor starta søket det i området der han sist vart sett, og søket blir gradvis utvida. Ei anna hypotese er at han kan ha reist frå Ål. Me kontaktar folk i nettverket hans for å finne ut om han er på reise, og me sjekkar også overvakingsbilete, seier Seterdal.

– Bør publikum ta aktive grep for å hjelpe til i søket?

– Dei som har tid og høve til det, kan gjerne bidra ved å sjekke bygg der dei kan tenkje seg at folk kan søkje tilhald. Garasjar, leikestover, låvar, uthus og liknande, seier innsatsleiar Tom Richard Jansen.

Innsatsleiar Tom Richard Jansen i politiet styrer leiteaksjonen etter den sakna mannen i Ål. Aksjonen blir leia frå lokala til Røde Kors Hjelpekorps i Ål.

Fleire redningshundar

Siste sikre observasjon var natt til torsdag.

– Jo lengre tid det har gått sidan siste observasjon, jo lenger unna kan han ha bevega seg, seier Jansen.

– Kan politiet utelukke at han har reist frå Ål?

– Me held alle alternativ opne, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tysdag føremiddag kunne Jansen fortelje at politiet hadde bistand frå 15 personar i Røde Kors Hjelpekorps og to ekvipasjar frå Norske Redningshunder (NRH).

– NRH har fleire ekvipasjar på veg. Dei vil ha fem ekvipasjar i søk i løpet av dei neste timane, seier innsatsleiar Tom Richard Jansen.

Les også
Bilførar ankar etter dødsulykke: – For streng straff
Les også
Ny kjøpar får nei til å drive dette gamle bruket - omsyn til landbruk veg tungt
Les også
SAS vart redninga etter konkurs: – Eg er i lufta att om 14 dagar