I samråd med familien har politiet gått ut med namnet på den sakna Einar Haraldset, og løyve til å bruke bilete.

Søket etter Einar (59): Ber folk og bedrifter sjekke overvakingskamera

Politiet har fått mange tips etter at dei gjekk ut med at Einar Haraldset (59) er sakna. Men ingenting har så langt ført etterforskinga i ny retning.

– Me behandlar tips som kjem inn, men søker framleis etter meir informasjon. Meir kjøt på beinet, seier politioverbetjent Odd Halvard Seterdal.

Leiteaksjonen, som starta i Ål måndag, vart avslutta tysdag kveld. Onsdagen kom utan noko nytt, aktivt søk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me er ferdig med å søke gjennom dei teigane me hadde bestemt oss for å ta, seier Seterdal. Han fortel at aksjonen tysdag dreidde seg om å søke etter ein fast modell.

– Me søkte der det statistisk sett ville vere størst sjanse for å finne han, med utgangspunkt i siste kjente observasjon. Då me var ferdig med det, gjekk me over til å søke ut frå tips me har fått inn.

Reidun Eidsvig var ein av i alt 10 ekvipasjar frå Norske Redningshunder som tysdag leita etter ein 59 år gammal mann i Ål.

Mykje tips

Politiet gjekk tidleg ut tysdag formiddag med namnet på den sakna mannen, og i samråd med familien gir dei også løyve til å bruke bilete av han. Politiet har eit håp om å få hjelp frå publikum.

Les også
Ingen planar om nytt søk i dag – avhengig av innspel frå publikum for å halde fram

På ettermiddagen sende dei også ut ei massevarsling på tekstmelding med følgjande tekst:

«Mann cirka 60 år savnet fra Ål. 187 cm, mørkt grått hår, normalt bygd. Kan være andre steder i Hallingdal. Opplysninger kan rettes til politiet, 02800».

Politioverbetjent Odd Halvard Seterdal.

– Me har fått inn mange tips. Til dømes har mange meldt at dei har funne fotspor i hagen sin. Det har vore mykje fotspor etter leitemannskap. Men me ønsker heller at folk tipsar for mykje enn for lite, seier Seterdal.

– No jobbar me med å tette alle hol, ut frå dei tipsa me har fått. Det kan vere at me vil få inn nye opplysningar som gjer at me set i verk ein ny leiteaksjon, seier han.

Sjekk kamera

I tillegg til å følgje opp tips har politiet jobba i fleire andre retningar. Blant anna har dei henta ut videobilete frå diverse overvakingskamera. Det har ikkje kome noko ut av dette så langt, men Seterdal har ei oppfordring:

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Store mannskap leitar etter Einar (59) - politiet ber om tips
Les også
Ti hundar har delteke i leitinga: – Utfordringa har vore at det er mykje snø

– Me har bedt folk sjekke uthus, andre bygg og hytter. Me ber om at dei også sjekkar eventuelle overvakingskamera. Dette gjeld bedrifter også, at dei sjekkar kamera ved forretningsbygg og industribygg, seier han.

– Kan den sakna ha reist ut av Hallingdal?

– Det har vore eit tema, og er noko me ser på. Me jobbar etter to hovudhypotesar - han kan ha blitt borte i nærområdet, i Ål eller i Hallingdal. Men han kan også ha reist ut av dalen, seier Seterdal.

Mannskap frå Røde Kors Hjelpekorps begynte natt til tysdag søket etter ein sakna mann i Ål. I morgontimane dreiv Helene Rust og Magnus Hjelmsø søk i Gullhagen-området, aust for sentrum.

Godt håp

Alle tilgjengelege politiressursar i Hallingdal deltok onsdag i etterforskinga. I tillegg får dei bistand frå andre delar av distriktet til å ettergå til dømes elektroniske spor som mobiltrafikk og bankkonto.

– Det har ikkje kome nye opplysningar der.

– Korleis vurderer de situasjonen - har de godt håp om å finne han?

– Det har me. Me veit også at han er ein friluftsmann, som ofte har gått ut godt kledd. Så me har absolutt håp om det.

Les også
Blir stadig fleire hallingar - denne bygda tilbake på toppen
Les også
Har kontroll på brannvernet: – Det er ikkje risiko for Torpo stavkyrkje
Les også
Fyrste kunde på plass: – Eg høyrde om at BUA skulle opne her. Dette er noko eg har nytta meg av i Oslo også